mandag 14. mai 2007

Ikkje bruer heller



Dersom alle hadde vore som Jesus, hadde me ikkje hatt bruk for ferjer.
Roger Drange
Takk til Tarjei Vesaas!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kvar gong eg les detta, irritere da meg litt. Det stemmer jo ikkje. For å få det til å stemma, må alle bilane òg kunna kjøyra på vatnet. Sjølv om me kan gå på vegen, så kjøyrer me bil. Sjølv om me kan gå på vatnet eller gjera det om til vin eller kva som helst, ville me truleg hatt lyst til å ha med bilen over til den andra sida viss det var dit me skulle, då, vel å merka.

Og, viss det ikkje var det som var meint, det med å kunna gå på vatnet og sånn, så stemmer det ikkje likavel. For viss alle hadde vore som Jesus, hadde me aldri hatt ferjer, eller bilar og sjokolade for den saks skuld, berre ein haug med vin, friske folk og ingen vonde gjerningar.

Blir alle som Jesus når dei kjem til himmelen?

Det er ikkje meininga å på nokon måte å seia noko negativt om Jesus. Takk.

Anonym sa...

Merka plutseleg at eg hadde gløymt å skriva litt av poenget. Tankane går visst litt fortare enn fingrane.

Ha ein fantastisk god dag!

Anonym sa...

Kva heiter norskboka di frå første og kanskje også andre og tredje klasse?

Anonym sa...

Tema, korleis det?

Anonym sa...

ok+, eg berre lura på om eg kjende deg. Du har vel kanskje høyrd om Tarjei Vesaas om det er du som er den same anonym...

Anonym sa...

Ved nærmere ettertanke er det vel kanskje spesielt bruer vi trenger, eller kanskje det er slik at dei vert til automatisk gitt at alle hadde vore som Jesus.