mandag 23. november 2009

Signe maten.

Kva vil det sei å verta velsigna?

lørdag 21. november 2009

Teknisk vidunder!

Har du nokon gong tenket over korleis oss menneske med sterke meiningar alltid freistar å få deg til å meina det samme som oss ved å dytta på deg det me meiner? Slik er ofte politiske debattar, slik er ofte evangelisering, slik er ofte venskap, slik er ofte relasjonar generelt. Etter kvart som eg veks til, og vert eldre skjønar eg på trass av mi unge alder og mine få erfaringer at livet meist av alt kanskje handlar om å stilla spørsmål; setja spørjeteink ved vedtekne sanningar.

La oss alle stilla ransakande spørsmål!

I dag runder ein god ven og eit teknisk geni 20-talet! Hurra for det! Familien Tokheim gratulerer!

For så høyt elsket...

fredag 13. november 2009

Mukilteo

Har du hørt om byen Mukilteo?

Ikkje eg heller, men eg kjenner kanskje nokon som er der.

For så høyt elsket...

torsdag 12. november 2009

Natt

Kva gjer du dei nettene du ikkje får sova og berre ligg å tenkjer på alt mellom Himmel og Jord og alt du så gjerne skulle ha gjort og får alle dei ideane du skulle hatt nokre timar tidlegare som du må hugsa til seinare elles gløymer du dei?

For så høyt elsket...

onsdag 11. november 2009

Jonatan David Helser

Faren til han på videoen over underviser kvart år ï januar på DTS-en i Skien med tema: "To live from the heart." Det handa verkeleg om å verta sett i fridom. Ikkje så mykje om likhet og brorskap, sjølv om det også er gode ting.

Det er ikkje så mykje blogge-miljø der, i Skien altså. Fann ut i dag at eg har blogga mindre i 2009 enn i 2007, sjølv om eg ikkje byrja blogge før eit stykke ut i 2007. Det er kjekt å blogge. Det er også kjekt å vera i Skien. Neste gong eg er der må eg blogga og vera der på ein gong. Eg vonar det ikkje vert så lenge til for boka til Andreas Nordli sette spor meg. Ho engasjerte ikkje, men sette djupe spor: "Utfordringen - fra 1989 til Verdens ende"

Det er merkeleg korleis livet forvandlar seg.

For to år sidan ante eg knapt nok kva misjon var for noko...

Politikk visste eg litt kva gjekk i, men ikkje så alt for mykje.

For så høyt elsket...

mandag 9. november 2009

Dagutogdaginn

Flytta ut, ikkje reine sokkar, skifa dekk, kokt kaffi.

Nye lampar, ny seng, middag i byn, vitja ein ven, kjøkken på Ikea.

For så høyt elsket...

fredag 6. november 2009

Evolusjon?

Fekk fylgjande melding i min innboks her om dagen. Eg vart særs utfordra, og kjende at mi evne og kunnskap ikkje strekk til når eg får ei så sakleg og hyggeleg skreven framsyning av evolusjonsteorien. Nokon ekspertar på området som vil koma med ein kommentar?

"Big-Bang-teorien er muligens svevende. Men her finnes det faktisk en forklaring. Universet utvider seg den dag i dag, hvilket er påvist. Dermed har forskerene ressonert seg fram til en teori, som består av at universet på et tidspunkt var like uendelig lite som det i dag er uendelig stort. La det på en annen side være klart at evolusjonsteorien er noe helt annet. Man må se på det store tidsperspektivet. Det er påvist at mennesket har eksistert i 2 millioner år. Jordkloden ble dannet for omkring 4600 millioner år siden. Om man legger ut en tidslinje som er 10 meter lang, vil vår tid her være omtrent på lengde med en fingernegl. Og er ikke 2 millioner år fryktelig lang tid? Se da for deg de 4000 millionene år som det har vert liv på jorden, da tenker jeg på enkle encellede organismer. Det tok 2000 millioner år til før avanserte bakterier og encellede organismer utviklet seg. Det flercellede livet oppstod så sent som for 1,5 milliarder år siden. Og med et verdenssyn som kun strekker seg noen få tusen år tilbake i tid, er det ikke rart du ikke ser på dette som åpenbart. Men for meg, som selv har sett og tatt på fossiler i forskjellige lag av jorda, kunnet datere disse, og satt dette inn i det samme systemet som Darwin mente måtte finnes, så virker alt dette plutselig ganske rimelig.

Det tok altså 625000 ganger lengre tid for encellede organismer å utvikle seg til flercellede organismer, enn det tok verden å skapes e følge bibelen.

Og det stemmer ikke at universet er uendelig. Universet er omtrent 47-93 milliarder lysår fra ende til ende. :-)"
Lasse Kaldefoss er du der?

For så høyt elsket...

mandag 2. november 2009

Å, kor eg er glad!

Kristin Halvorsen varslar at ho som ny kunnskapsminister ynskjer å stykja seksualundervisninga i skulen for å redusera talet på overgrep. Dette er i utgangspunktet ein god tanke, men kjenner ein SV rett vert det vel med å trykkja opp brosjyrer med slagord som følgjande: "Homokjærlighet er like OK som Heterokjærlighet." Det som er interessant er stortingsreperesentant for Telemark Høgre, Torbjørn Røe Isaksen sin reaksjon på utspelet frå Halvorsen: "Mennesker har hatt sex i alle tider, og de har klart det uten hjelp fra sosialdemokratiet," skriv han på sin blogg Konservativ. Røe Isaksen stod i Kongeparken Amfi i sommar og sa at var det ein ting alle parti var einige om så var det at aborttala skulle ned. Han må ha nokre geniale strategiar som han berre ventar med å leggja fram, for ein betra seksualundervisning i skulen vil jo ikkje hjelpa i det heile for å redusera aborttala....

Røe Isaksen gjer ein fåfengd freistnad på å gjera politisk gevinst på ein ikkje-sak.

Å, kor eg er glad for at Sentrum er levande og snart kjem til reisa seg sterkare enn aldri før!


For så høyt elsket...

Ansvar?


Samfunnsengasjement og partipolitisk engasjement går frå no av hand i hand. Frå no av skal eg freista å vera sammfunnsengasjert og samstundes vera partipolitisk engasjert.

In my heart forever:



For så høyt elsket...

søndag 1. november 2009

Rekneforteljing om bilar

I dag var det foreldrelaurdag(foreldrelaurdag=mykje pengar til misjonsprosjektet, kanskje bortimot 100.000), på Framnes, noko som vil sei at foreldra til 270 håpefulle parkerar bilane sine på halvøya. 270 familiar vert grovt rekna 270 bilar på Tunet. Sei at bilane i gjennomsnitt kostar 250.000 kr stk. 270*250.000 vert sånn grovt rekna 67.500.000,- = SEKSTISJUMILLIONARFEMHUNDRETUSEN.

For så høyt elsket...