mandag 16. mars 2009

Eg trur eg reiser no!

Hadet!

For å høyt elsket...

berre for å sitera ein hedersmann

søndag 8. mars 2009

Everything

Eg er så glad kvar jolekveld det er eg virkelig, men eg er og så glad på fortrulegheita (om det er eit ord) og mine sine vegner. Han har på ny gjort sitt inntog i mitt liv. Alt som skulle til var ei bøn saman med gode vener (hugsa du Roger? Då vart eg så glad) og ei avgjersle. Nye venskap for livet har vorte skapte i fortrulegheita, og me får letta på bører ein ikkje treng å bera åleine. Også vil eg at de skal sjå denne filmen (eg trur mor mi kjem til å lika han, dersom ho då les denne bloggen);



Han er så bra. Gud rører hjarta mitt kvar gong eg ser han. Rører han litt i ditt og?

mandag 2. mars 2009

Politikk og studier og plikt og sånn og framtida.

Når eg no etter snart sju månader i den nette byen Skien skal legge ut i den store verda for å oppleva, læra, forkynna, leva og kven veit kva meir så er det med ein tanke om urø eg no set meg ned. Kva skal eg gjera til neste år? Kven er vel eg? Kva er min del i den store planen? Dei siste dagane har eg lese ei bok som heiter planen. Ho omhandlar den store og nærmast utrulege planen Gud har hatt for menneskeheiten. For ein Fantastisk Gud det er vi trur på.

Eg skulle ønska eg fekk meir av hans perspektiv. Men akkurat no skulle eg ønska eg hadde min eigen pult. Det gler eg meg til eg får.

Får å seia det slik og dela kva som hender med verdsveven så reiser eg til Etiopia igjen den 16. mars. Returen er akkurat for sein til å få med seg vetlebror sin konfirmasjon. Elles har eg fått ei innkalling til Dillingøy 9. juni. Så snakkast meg i heimfylket til sumaren. Har du lese boka "Ferdaminni fra sumaren 1860"? Den ynskjer eg å lesa i sumar.

Og så gler eg meg fryktelig til å leva eit normalt liv og studera eit eller anna.

No skal eg verta utsendt.
For så høyt elsket...