torsdag 31. oktober 2013

Dette er en skandale.

Joh 1,16-17 
16 Av hans fylde har vi alle fått,
          nåde over nåde.
          
    17 For loven ble gitt ved Moses,
          nåden og sannheten kom ved Jesus Kristus.
        

Skandalen er at DU og JEG had blitt gitt nåde over nåde og en uskyldig tok straffen vi skulle hatt.

For så høyt elsket...

onsdag 30. oktober 2013

(Harde) fakta om Tallinn




Denne hausten har eg fått gleda av å vera del av Ungdom i Oppdrag sin Disippeltreningskule her i Tallinn. Sidan eg studerer er eg berre deltids-stab, men på måndag hadde eg høvet til å vera med i undervisninga om «Human Trafficking,» menneskehandel.

Nokre (harde) fakta:

- Det er omlag 27 millionar slavar i verda i dag
- 1600-1700 av disse er i Estland, hovudsakleg på ymse bordell i Tallinn
- Eit menneske frå Baltikum kostar omtrent 3000 Euro på den europeiske menneske-marknaden
- Gjennomsnittsprisen for eit menneske i verda er 90 Euro
- Kvart 50. sekund vert eit menneske seld ein eller annan stad
- Menneskehandel er meir lønsamt enn narkohandel sidan du kan selgja eit menneske 20 gongar om dagen 365 dagar i året.
- Fleire og fleire kriminelle oppdagar dette. I dag er menneskehandel, målt i pengar, verdas tredje største kriminelle industri berre mindre enn narkotika- og våpenhandel.

Me fekk og høyra vitnemålet til ei estisk dame som fortalde korleis ho kom seg ut og reiste til Noreg for å gå på Disippeltreningsskule, der Gud helbreda henne psykisk og fysisk. Ho fortalde korleis Gud fysisk gjorde henne til jomfru att.

Samstundes var undervisaren heilt ærleg og fortalde at dei fleste av desse jentene vert drepne.

Tallinn er ein fantastisk by, men dette er den harde sanninga og det Gud har sendt oss til.  I Ungdom i Oppdrag Estland drøymer me om å sjå fleire verta frigjorde og helbreda. Me trur Gud kan gjera det.  I dag veit me ikkje kva anna me kan gjera enn å be. La ditt hjarta verta knust og be med oss.

For så høgt elska...