torsdag 17. desember 2009

Disiplin

Det er så merkeleg korleis me så lett gløymer å prioritera det som gjev oss energi. Korleis eg heile tida utsett det og tilslutt gir blaffen. Eg merkar korleis det å ikkje prioritera tid med Guds ord bryt meg ned både mentalt og fysisk. Mitt ønske er å bruka tid med Guds ord fordi det byggjer meg opp! Kor vart det av disiplinen som trengst for å klara det? Eg reknar meg sjølv som ein disippel (same greske rota som disiplin) som lever på Nåde, utan han er eg ingenting, samstundes treng eg disiplin for å gjera det eg set meg føre. Ikkje for å få nåde eller kjærleik, men for å byggja meg sjølv opp, slik at eg kan byggja opp dei rundt meg. Disiplin som ein konsekvens av kjærleik er noko eg treng!

For så høyt elsket...

mandag 14. desember 2009

Plar

Korleis plar me planleggja?

Legg me planar for ein dag av gongen? Ei veke? Ein månad? Eit halvår? Eit skuleår?
To år? Tre år? FIRE år? Ti år? Ein generasjon? To generasjonar? Tre generasjonar?

KrF vart grunnlagd i 1933. Ganske nøyaktig tre generasjonar tilbake i tid. Dersom ein reknar ein generasjon for 25 år slik ein plar å gjera. No skal Dagrun Eriksen skapa "Nye KrF." Me treng å tenkja i alle fall tre generasjonar framover for å byggja noko som virkeleg kan føra til forandring i landet vårt. Planlegg me slik vert alle personlege posisjonsprestasjonar og all prestisje uviktig, og politikken kan skinna som aldri før utan forhasta krampetrekningar grunna i eit for dårleg val. Kjell Magne Bondevik var så heldig å vera sterkt involvert i KrF sine to store perioder: 1997 og 25 år tidlegare. Kanskje treng partiet 25 nye år på å reisa seg att? Korleis kan me planleggja slik og framleis ha vera tilstades her og no? Dersom eg har valet mellom radikale forandringar om tre generasjonar eller små forandringar no er valet enkelt. Eg har ein draum om å virkeleg forandra samfunnet. Då er det ikkje viktig kva som hender om eit år eller to. Då må ein tenkja lenger enn som så. Kva kan strategien for å gjera dette vera?

Det er sagt at det "avkristninga" me visstnok ser i dag er resultat av studiegrupper mellom unge ambisiøse menn på Blindern på slutten av 60-talet. Viss dei kan, kan vel me også?

For så høyt elsket...

onsdag 9. desember 2009

Intens overbevisning!

Jeg har tro på det norske folk. En intens overbevisning har spredd seg i meg i det siste. Denne overbevisningen sier meg at det norske folk er gavmildt, generøst og generelt gode. Dette tror jeg mange av oss kjenner oss igjen i. De aller fleste nordmenn liker å gi; vi liker å være generøse. Vi liker å gjøre godt mot andre. Vi liker å dele. Samtidig vet vi hvordan å være nøkterne, smarte og hvordan å planlegge for fremtiden. Dette er vår folkesjel, vår kultur og vårt samfunn. Vi har et samfunn bygd på tillitt, vi har et enormt spleiselag som tar seg av samfunnets svakeste og et frivillig engasjement som mangler sidestykke i verdenssammenheng. Dugnad er det mest norske ordet jeg kan komme på. Mange språk har ikke en gang et ord man kan oversette dugnad til. I Norge stiller man opp uansett vær og vind. Vi setter pris på hverandre, og tar del i samfunnet og hverandre sine liv. Vi hjelper våre gamle og syke, tar vare på våre fattige og våre svakeste. Vi er Norge. Vi er unike i verdenssammenheng. Vi er verdens beste land å bo i. Hva er det som gjør Norge til et så godt samfunn som det faktisk er? Hva har vi gjort for å bli brukt som eksempel i andre lands skolebøker på hvordan et ideelt samfunn er bygd opp og fungerer? Det har jeg mine tanker om, men de skal jeg ikke gå nærmere inn på her.
Faktum er at vi har en viktig jobb å gjøre. Vi har gode verdier å eksportere. Vi har et demokratisk samfunn der alle har mulighet til å si sin mening og ytre seg. Vi har en demokratisk valgt regjering som ved stortinget er forpliktet til å utføre det flertallet står for og samtidig behandle mindretallet på en ryddig måte. Dette gjør at vi har det godt, veldig godt. Samtidig gir det oss et ansvar som nasjon og folk. Vårt ansvar er internasjonalt. Verden trenger våre verdier. Ved å eksportere våre verdier til land der korrupsjon, grådighet og urettferdighet råder, vil verden sakte men sikkert forandres til et bedre sted for alle mennesker. Disse tre begrepene: korrupsjon, grådighet og urettferdighet er for mange av oss nordmenn ukjente og fjerne ord. Så fjernt er urettferdighet, korrupsjon og grådighet fra vår hverdag, vår kultur og vårt tillitsbaserte samfunn at vi så alt for lett glemmer at det finnes mennesker som hver eneste dag må kjempe mot urettferdighet, som må gi etter for korrupsjon og som må slåss mot grådighet. Dette er faktisk hverdagen til størstedelen av verdens befolkning. La oss stå sammen med dem! La oss forandre verden!

søndag 6. desember 2009

Influence

If your goal was to change a society, community, country or to build a nation, where would you start?

Would you start with the families?
With religion? The churches? The mission work?
Would you start with the educational system?
With the cultural happenings? The art? The entertainment? The sports?
Or would you start with the media? The mass-communication?
The economi? The tradeing? The science? The tecnology?
Or maybe you would start with the government and the politicians?

I am totally convinced that it is impossible to change a society and build a nation without influencing all the areas mentioned above. Wherever you start, or whatever you are doing. Always have this in mind.

Thanks to Loren Cunningham!

torsdag 3. desember 2009

Lesarinnlegg

Dei siste dagane har eg tenk mykje på å skriva lesarinnlegg, vera synleg i media som dei seier på Strandkaien. Fann nokre saker eg kunne tenkja meg å skriva om, men det vart no ikkje noko med det. Tenkte eg kunne blogga om det i staden:

Side 1 i BT viste på måndag like under Leiaren eit bilete av ein gjeng med nakne blodige menneske slengt hit og dit oppå kvarandre. Det var frå ein av dei velkjende PETA-aksjonane, som kjempar for å avskaffa pelsdyrnæringa. Eg kunne ikkje la vera å spørja meg sjølv og stakkarane som var i min umiddelbare nærleik: Kva er det som gjer dette så mykje meir legalt enn å bruka bilete av blodige foster i ein kampanje mot abort? Sjølv lever eg ikkje i eksil, og trur ikkje eg hadde hatt hjarta til å gjort det eine eller det andre. Likevel: Det er eit tankekors at det politisk korrekte er at dei som kjempar mot pelsdyrnæringa, som trass alt drep dyr, kan bruka slike verkemiddel (nesten) utan reaksjonar, medan ein video med eit blodig foster er så forkasteleg at han ikkje kan visast nokon form fordi det er så alt for støytande. Eller er det fordi sanninga bak aborttala svir så inderlig vel? Er det berre eg som tenkjer slik?

Ein annan ting eg tenkte på var merkeleg nok noko BA skreiv i tysdagsutgåva. Nokre pub-eigarar var intervjua og meinte at det var forkasteleg om dei nye skjenketidene vart innført. Kvifor? Fordi det ville føre til at så mange unge musikalske talent gjekk til spille: då kunne ikkje nattklubbane lenger ta inn artistar i like stor grad som før og det unge musikkmiljøet ville verta skadelidande. Tankana mine gjekk då til ei 200.000 borna i Noreg som gruar seg til kvar helg fordi foreldra drikk seg dritings. Nokre unge musikktalent som ikkje får utvikla seg like raskt som før er diverre ikkje eit godt nok argument for å halda fram, akseptera og leggja til rette for ein ukultur som gjer 200.000 born gruer seg til kvar einaste helg, og ikkje tykkjer jula er noko god oppleving. Bør ikkje enkeltmennesket sin fridom her verta noko innskrenka for å ta i vare dei svakaste si sak? Dei svakaste her er trass alt framtida vår...

For så høyt elsket...