torsdag 3. desember 2009

Lesarinnlegg

Dei siste dagane har eg tenk mykje på å skriva lesarinnlegg, vera synleg i media som dei seier på Strandkaien. Fann nokre saker eg kunne tenkja meg å skriva om, men det vart no ikkje noko med det. Tenkte eg kunne blogga om det i staden:

Side 1 i BT viste på måndag like under Leiaren eit bilete av ein gjeng med nakne blodige menneske slengt hit og dit oppå kvarandre. Det var frå ein av dei velkjende PETA-aksjonane, som kjempar for å avskaffa pelsdyrnæringa. Eg kunne ikkje la vera å spørja meg sjølv og stakkarane som var i min umiddelbare nærleik: Kva er det som gjer dette så mykje meir legalt enn å bruka bilete av blodige foster i ein kampanje mot abort? Sjølv lever eg ikkje i eksil, og trur ikkje eg hadde hatt hjarta til å gjort det eine eller det andre. Likevel: Det er eit tankekors at det politisk korrekte er at dei som kjempar mot pelsdyrnæringa, som trass alt drep dyr, kan bruka slike verkemiddel (nesten) utan reaksjonar, medan ein video med eit blodig foster er så forkasteleg at han ikkje kan visast nokon form fordi det er så alt for støytande. Eller er det fordi sanninga bak aborttala svir så inderlig vel? Er det berre eg som tenkjer slik?

Ein annan ting eg tenkte på var merkeleg nok noko BA skreiv i tysdagsutgåva. Nokre pub-eigarar var intervjua og meinte at det var forkasteleg om dei nye skjenketidene vart innført. Kvifor? Fordi det ville føre til at så mange unge musikalske talent gjekk til spille: då kunne ikkje nattklubbane lenger ta inn artistar i like stor grad som før og det unge musikkmiljøet ville verta skadelidande. Tankana mine gjekk då til ei 200.000 borna i Noreg som gruar seg til kvar helg fordi foreldra drikk seg dritings. Nokre unge musikktalent som ikkje får utvikla seg like raskt som før er diverre ikkje eit godt nok argument for å halda fram, akseptera og leggja til rette for ein ukultur som gjer 200.000 born gruer seg til kvar einaste helg, og ikkje tykkjer jula er noko god oppleving. Bør ikkje enkeltmennesket sin fridom her verta noko innskrenka for å ta i vare dei svakaste si sak? Dei svakaste her er trass alt framtida vår...

For så høyt elsket...

9 kommentarer:

Anonym sa...

Du gir meg stadig noe å tenke på og over. Jeg er så priviligert!

Roger Drange sa...

Skreiv for lang kommentar til at den vart godteken. Deler den opp i delar.

Del 1:

Mhm. Veldig sant det du skriv, og særskilt er eg einig i siste "sakja" du tek opp.

Angåande det å legalisera å bruka blodige foster i kampanjar mot abort er eg meir usikker på korleis eg stiller meg. Eg ser det prinsipielle i det du skriv, men veit likevel ikkje om "forslaget" ditt er så lurt.

Eg ser at aborttala må ned, og hadde verda vore som eg vil, hadde tala vore null. Men slik er det ikkje. For kvar abort som vert teken i Noreg sit det monge att. Fleire av desse får alvorlege psykiske plagar som følge av det dei har vore gjennom. Eg ser føre meg to følgjer:

a: Folk får eit nærare tilhøve til kva abort faktisk er, og vert slik klår over at det er eit lite menneskeborn som vert fråteke livsretten. Dette _kan_ føra til lågare aborttal.

b: Para/kvinnene/familiane som har vore gjennom abort vert sterkt støytt av bileta, og dei får sinnslidingar, noko me sjølvsagt ikkje vil dei skal få. Dei færraste VIL vel innerst inne ta abort, og ei slik påminning kan vera skadande.

Det er ikkje meininga å settja mora sitt velvære framføre eit potensiellt liv her. På ingen måte. Om dei som har bestemt seg for å gjennomføra abortar angrar litt på dette, er jo det sjølvsagt positivt, og kan ikkje måla seg med den uendelege verdien eit menneskeborn har! Men her er det ein vesensforskjell i frå sakja i Barcelona med den blodige pelsdemonstrasjonen. Ein vert ikkje støytt i like stor grad av pelsdyrnæringa. Det er snakk om daude dyr kontra daude menneske (for somme er det vel strengt teke slik at dei ikkje ser på det aborterte fosteret som eit menneske, men du ser kanskje kvar eg vil).

Sjølvsagt kan også (b) føra til lågare aborttal, men spørsmålet er om me ynskjer å gjera det på denne måten.

Roger Drange sa...

Del 2:

Det er klart at tala må ned, som sagt, men kva er vel eit bilete av eit foster i denne samanhengen? Eg tenkjer at det neppe vil snu opp-ned på folk sine meiningar om sakja. Kanskje vil det støta folk, og få folk til å tenkja, men eg trur me må nytta andre løysingar.

Abortsakja er ei tapt sak i den forstand at me neppe vil få fjerna lova. Parti som er imot abort nyttar diverre alt for mykje tid på å tretta om småsakjer, i stadan for å fokusera på det dei er einige om, og på den måten få innflytelseskraft. Ein får ikkje gjennomslag for noko om ein ikkje firer på enkelte sakjer.

Slik eg ser det er den einaste reelle løysinga me har på problemet å stimulera til å bringa barnet fram. Dette kan gjerast med ulike ordningar, og då fyrst og fremst økonomiske. Ikkje noko er like vondt å høyra som at folk tek abort grunna den økonomiske tynginga det fører med seg å føra fram bornet. Dette er noko me "lett" kan gjera noko med, og eg meiner det absolutt er ein stad å byrja.

Dersom me går frå dør til dør og talar vår sak, roper utover Torgallmenningen kva me meiner, bryt oss inn i offentlege bygg og skrik ut vår meining, eller heng opp bilete av foster over heile byen får me ikkje noko anna enn motstand og avsky attende.

Me må settja oss inn i sakja frå andre sider, og sjå at faktisk er det mogleg å ha eit anna menneskesyn enn kva me har. Faktisk er det mogleg å meina at livet startar ved fødselen. For kortid startar det eigentleg? Når du kler av deg? Ved penetrering? Ved samleie? Når eggcella treff sædcella? Når egget festar seg til livmorveggen? Når barnet er 1 veke? 12 veker? Ved fødselen?

Me har jo lett for å seie at det startar ved unnfanginga. Kanskje startar det då. Eg veit ikkje. Men eg veit at etter unnfanginga er det ein ekstremt lang veg å gå før bornet kjem ut av mora, og det er ekstremt mykje som må klaffa for at det faktisk blir eit liv. Eg skjønar at folk har ulike syn på dette, og me har ingen makt til å prakka på dei våre normer. Det me derimot kan gjera er å oppljosa dei om kva me meiner, og prøva å stimulera til å bringa barnet fram.

Ikkje fordi abort er drap
Ikkje fordi fosteret får liv tidleg
Ikkje fordi samfunnet treng ressursane
Ikkje fordi det er synd

Men fordi eit foster har eit stort potensiale, og fordi det har uendeleg stor verdi.

Andreas sa...

Eg e så einig med deg Roger som eg kan verta. Som eg seier lever eg ikkje i eksil og ville aldri hatt samvit til det eine eller det andre, men likevek er det viktig å stilla seg spørsmålet: Kvifor meiner eg eigentleg det eg meiner? Argumentasjonen din her sier verkeleg kvifor me er einige i denne saka. :)
OPEN HELG!

Anonym sa...

Gaucho bryr seg ikke om framtiden, han lever nå! :D

Anonym sa...

MMMBØØØFF!
fløtt framtiden vår, jeg er Gaucho.
Gaucho bryr seg KUN om seg selv, ikke deg elelr framtiden ;)

Anonym sa...

ta så høør' a !
den du fucker med nå det er DZELLLAAA, du fucker med Dzella det ekke bra , for når du fucker med dzzelllaaaaa går det galt!
Dzella er syk og Dzella er spa, ingen fuck med dzella for bitch det er dzella!!!
Furuset brrør, det er der jeg bor, chillern på sentere med mp3 på med koss på hodet og høy lyd ååå!!
Det er DZELLAAAAA!!
Furuset brøør

Anonym sa...

Hei på deg :)
eg må si meg einig i dette med abort og pels, både abort og pels er alvorlige tema.
Men når det kjem til drikke loven er eg litt ueinig.
Eg er heilt klart einig i at det er forferdelig at unge menneskjer skal lide under redsel for sine fulle familiemedlemmar. Men når staten setter opp strenge lover om drikke, så er dette med på å gjære det lettare for ungdommar å skaffe seg feks hasj, for nokon ukar sidan så var eg og ein kompis på ein fest, eg møtte nokon hyggelige folk og begynte å snakke om drikkeloven i Noreg.
Vi kjem frem til konklusjonen at strenge lover og stengetider er med på og gjere det til et ork for unge å skaffe seg øl , så løysningen er svake dop midlar. Staten oppfordrar unge å kjøpe dop , det er billigare å lettare å få tak i!

Gerardinho sa...

@ Anonym:

Ein veldig usaklig kommentar du, kvifor legg du ut ein slik kommentar? Kva har denne teksten med framtida vår å gjere? LOL.

Og til deg Ymse, kor har du fått tak i statistikken til dei 200,000 barna som gruar seg til foreldra skal drikke seg drita? Det har eg aldri høyrt om.

Blodige menneskane som ligg oppå kvarandre? Døde, eller bare sminka?
Å ha blodige fostra oppå kvarandre for å demonstrere mot abort blir nok litt i drøyaste laget. legg opp sverre.

beklager dårlig nynorsk, bokmål FTW