mandag 14. desember 2009

Plar

Korleis plar me planleggja?

Legg me planar for ein dag av gongen? Ei veke? Ein månad? Eit halvår? Eit skuleår?
To år? Tre år? FIRE år? Ti år? Ein generasjon? To generasjonar? Tre generasjonar?

KrF vart grunnlagd i 1933. Ganske nøyaktig tre generasjonar tilbake i tid. Dersom ein reknar ein generasjon for 25 år slik ein plar å gjera. No skal Dagrun Eriksen skapa "Nye KrF." Me treng å tenkja i alle fall tre generasjonar framover for å byggja noko som virkeleg kan føra til forandring i landet vårt. Planlegg me slik vert alle personlege posisjonsprestasjonar og all prestisje uviktig, og politikken kan skinna som aldri før utan forhasta krampetrekningar grunna i eit for dårleg val. Kjell Magne Bondevik var så heldig å vera sterkt involvert i KrF sine to store perioder: 1997 og 25 år tidlegare. Kanskje treng partiet 25 nye år på å reisa seg att? Korleis kan me planleggja slik og framleis ha vera tilstades her og no? Dersom eg har valet mellom radikale forandringar om tre generasjonar eller små forandringar no er valet enkelt. Eg har ein draum om å virkeleg forandra samfunnet. Då er det ikkje viktig kva som hender om eit år eller to. Då må ein tenkja lenger enn som så. Kva kan strategien for å gjera dette vera?

Det er sagt at det "avkristninga" me visstnok ser i dag er resultat av studiegrupper mellom unge ambisiøse menn på Blindern på slutten av 60-talet. Viss dei kan, kan vel me også?

For så høyt elsket...

4 kommentarer:

Roger Drange sa...

på ein plakat stod det:

"Væpnet revolusjon nå!"

eg trur ikkje det er løysinga.

Andreas sa...

Dei fann vel ut at det funka dårleg med væåna revolusjon... dette var eit flåsete innlegg frå meg. skulle nesten ønskt eg ikkje publiserte det.

Karsten sa...

Det går an å slette, veit du.?
Kor blei det av å leve no og ikkje tre generasjonar fram i tid? Det er faktisk viktig kva som skjer om eit år eller to! For fleire hundre tusen kan det bety himmel eller helvete. Eg seier ikkje at me ikkje skal tenkja på framtida, eller på komande generasjonar, men eg trur framtida byrjar no. Eg trur at endringar som skal skje i framtida må byrje no - ikkje berre planleggjast no!

Kva er poenget med å skape eit nytt KrF om mange år? Det er no de må byrje å forandre! Det er det valet som blir teke i dag som påverkar resten av livet. Kor mykje har då det valet du tek i dag om å byrje noko nytt om x antall år å seie i forhold til eit val - om enn lite - som får umiddelbar - im enn liten - verknad.?

Andreas sa...

Du har så evig rett Karsten! Spørsmålet mitt i innlegget mitt er då også: "Korleis kan me planleggje 3 generasjonar fram i tid og framleis vere til stades her og no?" Det er ei sann utfordring! Forandring er noko som skjer over tid. Noko som tar tid, og ofte mykje tid. Poenget er difor at ein ikkje bør ta dei raske løysingane som kanskje gjer KrF eit lite løft no, men som også fører med seg at partiet om 3 generasjonar har opphørt å eksistere. Om det held fram slik det har gjort dei siste ti åra er det ikkje meir enn eit tiår så er KrF borte... Me må vera til stades her og no og samstundes jobbe for langsiktig forandring. Korleis kan ein gjera dette??