tirsdag 11. oktober 2011

Illusjonen av kontroll

I lengre tid har eg freista å overbevisa meg sjølv og andre om at me lever i det eg så wannabeakademisk har kalla postblogtida. Blogspot og wordpress og blogg.no var flaggskip som gjekk ned med gigantane Microsoft og Yahoo. Facebook og Google tok meir og meir over saman med Apple og Twitter. Facebook er for ålmenta. Twitter er for ein marginal del av folket, som me elsker å hata som kultureliten. Apple har gått frå å vera nisja til grafikkgeeks, til å vera det alle må ha. Google klarer ingen seg uten. No ser eg at desse fire over lengre tid har gjeve meg ein illusjon av å kunna redigera mitt eige liv ned til berre det eg vil at andre skal sjå, eller opp til det eg så gjerne skulle ønskje var. Det har gjeve meg ein illusjon av å ha kontroll, når røynda er at kvardagen er eit stort kaos totalt blotta for det som er straumlinjeforma. Dette er skreve som ein observasjon av at wannabeakademikaren tok feil.

Kvardagen er kaos. Vil me nokonsinne makta å leva eit liv i balanse? Det høyrest slitsomt ut og heile tida måtte balansera og korrigera. Eit liv i balanse må aldri vera målet. Det er i et salig kaos kreativiteten blomstrar, entrepenørskapet veks og nye prosjekt vert sette i gong, og me humpar oss bortetter med meir eller mindre framdrift.


Dette bilete er for meg eit herleg kaos.

For så høyt elsket...

søndag 9. oktober 2011

Eventyr

Nå er jeg 22 år og har allerede oppdaget at det ikke finnes et eneste eventyr i hele verden.