torsdag 29. november 2007

Å ta kontakt kan vera krevjande. Det å ikkje lata som om alt er som det skal er ei utfordring. Likevel er det kanskje det dummaste ein kan gjer. Då er det godt å verta møtt med eit snev av initiativ ein sjeldan gong. Det er faktisk fantastisk når andre tek kontakt. Når ikkje alt fell tilbake. Det gjorde meg oppløfta. Kan det vera at det har vorte sett? Eg undrast.

Ei lita oppmuntring i ein regntung og sørpete november:

"Nå er dere bedrøvet, men jeg skal se dere igjen, og deres hjerte skal bli fylt av glede, og ingen skal ta gleden fra dere."
(Joh 16,22)

Han er trufast! Stor er hans truskap!

Eg skulle ønskja me kunne gjera noko interessant. Eg skulle ønskja det ikkje var lagt opp på denne måte no i haust. Kvifor vart det ikkje lagt opp slik som i fjor? Då var det mykje betre. I alle fall for meg. Tenk å kunne gøyma seg i ei god bok, eller verta overvelda av eit dikt eller ein song. Det er noko eg lengtar etter som eg trur kjem med mørkret. For mørkret er kome, og eg likar det overraskande godt. Skulle berre ønskja det gjekk ann å tenna lys i mørkret, men vent litt: det går jo ann!

Vennskap, forandringar og Gud

Å bli lei seg av å prøva å hjelpa ein gamal ven er ikkje ei god kjensle. Likevel har eg litt av denne kjensla no. Noko eg sa, og gjorde forandra kanskje det heile. Eg saknar det som vart forandra. Skulle ønskje det ikkje var forandra. I alle fall ikkje så drastisk som det er no. Skulle ønskje forandringane i mitt liv kunne stå fast medan dei eg ser rundt med kunne forsvinna. Kvifor veljer menneske å gå bort frå det dei veit er rett? Kvifor lar me kjenslene ta over oss og halda oss nede og binda oss?
Det svir når eg har lyt til å vera der for nokon. For nokon eg har vore der for før. Nokon som eg trudde eg hadde eit vennskap med som ville tåle til og med det som vart sagt og gjort. Det svir når ein vert avvist og ein ser at han eller ho gjer ting med seg sjølv som ikkje er sunt. Når denne personen har det vondt og ikkje maktar å gå sjølv. Då vil eg hjelpa og bera. Endå trur eg ikkje eg har fått lov til det. Eit stort ønske ligg i med om å få lov til å bera.
Sjølv har eg lært at Jesus gjer nokre frisk. Ikkje alle, men nokre. Eg veit ikkje kvifor han berre gjer nokre frisk. Slik er det berre. Nokre gongar irriterar eg meg over det. Ein gong eg irriterte meg svarte han slik:

"Om jeg kan? Svarte Jesus. Alt er mulig for den som tror." Mark 9,23

Det eg veit er at han gjer alle fri. Ikkje alle vert friske men alle vert frie. Frie frå det som held oss nede og hindrar oss i å leva dei liva vi er kalt til å leva. Dei liva som Gud frå byrjinga av hadde tenkt for oss. Korleis kan vi leva i det kallet uansett og alltid?

Eigentleg så handlar det ikkje om å leva i kallet dette året, denne månaden, denne veka, denne dagen,denne timen eller dette minuttet. Det handlar om å leva med Jesus no! Det er no han er interessert at me skal leva i kallet. Det er no som tel.
Viss du kan seia at du har Jesus med deg akkurat no. Viss du kan sei at du lever livet ditt ved Jesus si side akkurat no skal du aldri tvila på om du lever i kallet. Og til ei kvar tid er ikkje denne månaden eller året eller dagen, det er berre no. Då er du på den plassen Gud hadde tenkt for deg.