lørdag 31. oktober 2009

Det materialistiske problem


Eg har eit etisk problem:

Korleis kan eg vurdera å bruka 10.000 NOK på dykkarutstyr når verda står overfor den verste sultkatastrofen i manns minne og dei 10.000 Kr eg har kan redda nokon sitt liv?

Dette spørsmålet har plaga meg nokre dagar. Eg treng desperat nokre svar gjeve i visdom.

Eg kjenner meg så på sida av så mange rundt meg...

Skal me la oss styra av behov og trengsel eller av "andre ting?"

Foreløpig har ikkje funne nokre "andre ting" som er gode nok til å la vær å verta styrt av behov og trengsel. Veit du om nokon så sei det! Eg MÅ høyra det.

Har du sett Schindlers Liste?

Sjå den og legg merke til sistescena, eg kjenner meg litt som Herr Schindler, og det plagar meg.

For så høyt elsket...

torsdag 29. oktober 2009

Enhet?


Gud legg forskjellige ting på forskjellige menneske sine hjarta. Han legg misjon på hjarta til dei som han veit vil gå på misjonsbefalinga, han legg teikn og under og forløser dette i liva til menneske som har ein karakter som tilseier at dei vil takle den autoriteten dei får. Diverre er det ikkje alltid samsvar mellom karaktertyngde og salvelse. Kvifor? Eg veit ikkje. Gud veit. Han legg Guds ord på hjarta til dei han veit har ein disiplin til å studera ordet og han legg tilbeding på hjarta til dei han veit vil tilbe i and og sanning. Alle har me hjarta for noko. Han legg forretning på hjarta til dei han har utrusta med økonomisk sans og organisering hos dei organisatoriske. Alle har me hjarta for noko, i større eller mindre grad. Alle prøver å overtyda kvarandre om at det me har hjarta for er det rette; det er vegen å gå; Dette er nøkkelen Gud har gjeve oss, seier me alle saman med like stor overtyding om det som ligg oss på hjarta. Me gløymer at me er lemmer på ein lekam, greiner på eit tre. Utan alle greinene er ikkje treet heilt, utan alle lemmane er ikkje lekamen heil. Me trengt alle kvarandre og viktigast; Gud bruker oss alle til å oppfylla sin fantastiske plam.

På nokon sitt hjarta har Gud lagt samarbeid og enhet...

For så høyt elsket...

Forandre verda?

Oppdagelsen av sosiale medier har forandra livet mitt. Blogging og Facebook tar mykje større plass no enn for berre nokre månadar sidan. Det er bra vil nokre sei, ikkje så bra vil andre sei. Det er godt meg ei blanding vil eg sei. Blogging og Facebook er fantastiske arenaer til å bygge nettverk, kome i kontakt med menneske, sondere terrenget og utrette ting. Det viktigaste er likevel å leva i levande live. Heldigvis har eg ikkje gløymt det, men eg må sei at det er lenge sidan engasjementet har vore så stort som det er for tida. Takk Gud for det! Heldigvis er det nesten berre vår eigen kreativitet som set grenser for kva me kan utretta saman med Gud. Å kjenna han, og gjera han kjent. Det var mottoet eg levde under i fjor, og det er noko så nært eg kan koma eit eige livsmotto. Innerst inne ønsker eg ikkje anna enn å kjenne Gud og gjera han kjent. Korleis kan nokon leva for noko anna enn det?

For så høyt elsket...

tirsdag 27. oktober 2009

Altoppslukende ild




For så høyt elsket...

torsdag 22. oktober 2009

Sangen



Det er så mange som må gå gjennom så mykje; Hang in there! It will pass!:)

For så høyt elsket...

Oppmuntring



Er du lei av lekser? Trykk her!

onsdag 21. oktober 2009

"Hardangerfjord kva seier du?"

"Hardangerfjord kva seier du?"

Ein lærar eg hadde ein gong pleidde å gå mot glaset sjå ut over fjorden og spørja dette spørsmålet ut i lufta.

Lite er så vakkert som ein forblåst Hardangerfjord ein kald og stjernklar haustkveld. Ein slik kveld vert det i kveld.

Då må du gå i mørkret, på den smale grusvegen som har vorte asfaltert, på utsida av Framheim og kjempa med vindkasta. Det er ei oppleving eg unnar alle.

For så høyt elsket...

Demokratiet lenge leve

KrFU seier dei fjernar beskyttelsesparagrafen for å framtre som ein meir demokratisk organisajon. Dette fekk meg til å tenkja litt på demokratiet.

Dei gamle grekarane som fann opp demokratiet meinte:
"Demokratiet er ein elendig styreform, men det er den beste me har."

Eit spørsmål, men ingen konklusjon:
Bør me då gje opp noko me trur på for demokratiet sin del?

Nokre tankar om demokratiet: http://www.mellomhimmelogjord.blogspot.com/

For så høyt elsket...

tirsdag 20. oktober 2009

Varme

No vert det varmt rundt i huset; i gongen og på soverommet. 2 nye panelomnar skal på plass og Framnes si straumrekning aukar noko. Det spelar inga roller når ein brukar fleire millionar kvart år på straum, slik som Framnes gjer. Tenk å levA i lavutsleppsamfunnet. Det er min draum.

Sjå for deg følgande: Framnes, den grøne skulen! Viss me gløymer å sjå stort på ting gløymer me å levA. Ein ting har eg erfart i mitt korte liv: Alt er mogeleg!


Å leva i en varm kultur og eit varmt land trur eg også kan vera min draum.

Det er synd at den norske kulturen er så kald og at me ikkje snakkar i lag på bussen.

A-infinitiv er viktig å brukA konsekvent.

Hardanger er ikkje ein tabloid plass.

For så høgt elska...

Vigsling?

Som eit enkelt KrFU-medlem utan så alt for stor innsikt i kva som føregår bak gardinene er det ikkje alltid like lett å få seg alt, men eg registrerer at det har vore stor blest rundt partiet i det siste. Homofile i sentralstyret og vedkjenningsparagrafen er det nok av engasjerte sjeler som meiner noko om. Det er ei anna sak som drukna litt i desse. Det vart sendt ut ein resolusjon frå landsmøtet til KrFU: KrFU går inn for borgarleg vigsel. Eg veit ikkje om dette er ei ny sak eller noko som berre vert presisert, men i min mangel på kunnskap kan eg ikkje anna enn å stilla meg uforståande til denne resolusjonen. Det får vera opp til andre å vudera om resolusjonen er rett eller ei. Eg lurar berre på: Kva er poenget? Kva ønskjer KrFU å oppnå med ta vigselsretten frå alle kyrkje –og livssynsamfunn i landet vårt? Ingen såkalla ”Bibeltru” forsamling vil akseptera å via homofile par, då vil heller ingen homofile par søkja å via seg i slike forsamlingar. Problemstillingane LM gjer som grunngjeving, på ekte politikarvis, utan å seia kva dei eigentleg meiner, er slik eg oppfattar det ikkje reelle. Treng ein å ta konsekvensen av noko som ikkje er reelt? Kan nokon vera venleg å opplysa meg?

For så høyt elsket...

mandag 19. oktober 2009

KrFU Hardingar på vitjing



LM i helga vart samtalt opp og i mente. Det er stor semje i KrFU Hardanger om at KrFU sentralt har lita forståing for korleis veljarmassen i heilskap ser på verda.

For så høyt elsket...

lørdag 17. oktober 2009

Tanker på ei rekke i natta

Er me verdslege kristne eller kristne i verdsklasse?

Dersom me som kristne er passiv til evangelisering, dømmer me då menneske indirekte til helvete?

Det finst ingen uønska born, berre uønska foreldre.

Ærlighete er det einaste som gjer oss sårbare. Sårbarhet er det einaste som åpnar for intimitet. Intimitet er det einaste som gjer at menneske kjem i nære relasjonar.

Takk til tankespinn på pinne!.#&

For så høgt elska...

Gode minner!

Etter å på ny ha vore i Tunisia kom eg i natt over denne, då eg pga tidenes busstur og der til egna forskjøve døgnrytme ikkje får sova;



Eg må sei at eg ler meg nærast skakk av dei to siste minutta!

For så høyt elsket...

Det er litt for mange menneske i verda som har det vondt til at eg gidd å bruka pengar på parfyme.

Berre så det er sagt; eg brukar parfyme, men eg fekk han til jul og hadde ikkje eigd ein om ikkje. Dette var ikkje eit angrep på parfymen men på alt unødvendig den materialistiske meg brukar pengar på. Eg meiner: av alle pengane eg brukar, kunne eg brukt mykje av dei mykje betre. Eg bruker sikkert 90% av pengane mine på meg sjølv. Det seier litt om kva som er viktigst i livet mitt...
Megsjølv:









For så høyt elsket...

Kompliment!

Det er kjekt å gje kvarandre oppmuntring og tilbakemelding.

Me har ikkje vondt av å overøsa kvarandre med kompliment.

Det fekk eg verkeleg oppleva i dag.

Tunisia var forresten bra: www.framnes.vgs.no/tunisiablogg

Det vert ein spanande dag på hotell i morgon.

For så høyt elsket...

søndag 4. oktober 2009

Skriverier

På Laptopen min har eg ei mappe eg kallar "Mine Dokumenter." I denne mapp, ligg det ei mappe kalt "Skriverier." Der ligg det mykje artig av både tankar, ord og gjerningar. Noko av det er publisert, medan noko er ikkje. Noko er hemmeleg, ingen andre har lese det. Berre eg, og Gud. Det er viktig å ha noko som berre du veit om, men kanskje endå viktigare at det som berre du veit om går an å fortelja til andre.

I kveld reiser eg saman med 76 (trur eg) andre til Tunisia. Sist eg var i Tunisia levde eg livet som ung, dum og uerfaren utan sjølvinnsikt. Eg er framleis ung, dum og uerfaren, men har noko meir sjølvinnsikt, forstå det den som kan. Det vert 10 dagar i ein anna kultur, 10 dagar i Afrika, 10 dagar spekka med ansvar.

9 månader i Skien var ganske herleg eigentleg, ganske enkelt avdi me som stundentar hadde så lite ansvar, men det vært kjedeleg med lite ansvar i lengda.

Det er godt å ha ansvar, sjølv om det tar på.

Sjekk ut www.framnes.vgs.no så finn du plutseleg ein link til reisebloggen vår.

Eg må øva meg på Nynorsken.

For så høgt elska...