onsdag 21. oktober 2009

"Hardangerfjord kva seier du?"

"Hardangerfjord kva seier du?"

Ein lærar eg hadde ein gong pleidde å gå mot glaset sjå ut over fjorden og spørja dette spørsmålet ut i lufta.

Lite er så vakkert som ein forblåst Hardangerfjord ein kald og stjernklar haustkveld. Ein slik kveld vert det i kveld.

Då må du gå i mørkret, på den smale grusvegen som har vorte asfaltert, på utsida av Framheim og kjempa med vindkasta. Det er ei oppleving eg unnar alle.

For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Marita sa...

No sit eg på rommet mitt og ser ut på den vakre og forblåste hardangerfjorden og tenkte eigentleg eg sku skrive eit innlegg om det, men du kom meg i forkjjøpet.
Eg trur eg får ta meg ein tur rundt framheim etter kvelds!

Andreas sa...

Kjenner eg deg rett vert det vel etter innetid ;p

Marita sa...

Eg såg nettopp ut mitt vindauge igjen og såg at det var deg som tok turen etter innetid og ikkje meg;) hehe..

Roger Drange sa...

Det å sittja på lesesalen, med magesekken, halsholet, og monen full av kaffi, med ei tung tettskriven bok framføre meg, markeringstusjen i handa, og sjå korleis sola står opp over Bergen by, på ein av ti opphaldsdagar, det kallar eg vakkert. Men ikkje like vakkert som Hardangerfjord.

Ei heller like vakkert som Margrete.

Andreas sa...

Ja eg kjenner meg sjølv rett og heldigvis. Det var kjekt å gå på Friarskjæret og ropa ein sang så høgt som mogleg og veta at ein ikkje vert høyrd. Det er sanning. Du har rett Roger, De kallar eg og vakkert! Eg tenkjer du har same utsikta frå lesesalen som frå Prahlsvei 18. Og den er vakker.