torsdag 29. oktober 2009

Forandre verda?

Oppdagelsen av sosiale medier har forandra livet mitt. Blogging og Facebook tar mykje større plass no enn for berre nokre månadar sidan. Det er bra vil nokre sei, ikkje så bra vil andre sei. Det er godt meg ei blanding vil eg sei. Blogging og Facebook er fantastiske arenaer til å bygge nettverk, kome i kontakt med menneske, sondere terrenget og utrette ting. Det viktigaste er likevel å leva i levande live. Heldigvis har eg ikkje gløymt det, men eg må sei at det er lenge sidan engasjementet har vore så stort som det er for tida. Takk Gud for det! Heldigvis er det nesten berre vår eigen kreativitet som set grenser for kva me kan utretta saman med Gud. Å kjenna han, og gjera han kjent. Det var mottoet eg levde under i fjor, og det er noko så nært eg kan koma eit eige livsmotto. Innerst inne ønsker eg ikkje anna enn å kjenne Gud og gjera han kjent. Korleis kan nokon leva for noko anna enn det?

For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Roger Drange sa...

Eg meiner hysteriet rundt sosiale media tek av, og er nokså uberettiga dersom du er ein normalt oppegåande person, som faktisk veit kva ein nær relasjon er.

Andreas sa...

Mange av oss er ikkje normale oppegåande personar, og me anar ikkje kva ein nær relasjon er. Norsk ungdom har eit livsfarlig underskudd på fortrulighet og nære relasjonar. Me lever på overflata fordi me er så redd for det som er under. Me seier eg...

Roger Drange sa...

Kanskje det, Andreas. Det stemmer nok, og det er klart at sosiale medium ikkje må vinna over sosial omgang.

Eg trur likevel at f.eks. FB kan fungera som eit substitutt - då i liten grad, sjølvsagt - til fysiske relasjonar. Sjå føre deg ein gjennomsnittleg Tysnesungdom som sit stasjonert fleire mil frå venane sine. Kan det ikkje vera verdifullt for han å "halda kontakten" med kretsen sin over FB etter skuletid?

Når ikkje anna er mogleg, kva er då best?

Maria sa...

"Like this":D
Stå på Andreas i Guds fred.
-Maria

Andreas sa...

Eg klarar ikkje meina så mykje om så mangt, eg blir vel ingen politikar heldigvis. Maria; Fred ut!