tirsdag 20. oktober 2009

Vigsling?

Som eit enkelt KrFU-medlem utan så alt for stor innsikt i kva som føregår bak gardinene er det ikkje alltid like lett å få seg alt, men eg registrerer at det har vore stor blest rundt partiet i det siste. Homofile i sentralstyret og vedkjenningsparagrafen er det nok av engasjerte sjeler som meiner noko om. Det er ei anna sak som drukna litt i desse. Det vart sendt ut ein resolusjon frå landsmøtet til KrFU: KrFU går inn for borgarleg vigsel. Eg veit ikkje om dette er ei ny sak eller noko som berre vert presisert, men i min mangel på kunnskap kan eg ikkje anna enn å stilla meg uforståande til denne resolusjonen. Det får vera opp til andre å vudera om resolusjonen er rett eller ei. Eg lurar berre på: Kva er poenget? Kva ønskjer KrFU å oppnå med ta vigselsretten frå alle kyrkje –og livssynsamfunn i landet vårt? Ingen såkalla ”Bibeltru” forsamling vil akseptera å via homofile par, då vil heller ingen homofile par søkja å via seg i slike forsamlingar. Problemstillingane LM gjer som grunngjeving, på ekte politikarvis, utan å seia kva dei eigentleg meiner, er slik eg oppfattar det ikkje reelle. Treng ein å ta konsekvensen av noko som ikkje er reelt? Kan nokon vera venleg å opplysa meg?

For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Roger Drange sa...

Dersom KrF og U skal kunna forsvara grunngjevinga si for deira standpunkt til den kjønnsnøytrale ekteskapslova med at barnet er i sentrum, ser eg dette som ei god løysing.

Ekteskap gjer gode rammer for oppveksten til barnet. Ved å innføra borgarleg vigsel, altså at alle som skal gifta seg må først gjera dette offentleg, vert dette helde i hevd.

Ein kan seie at ekteskapet er noko religiøst, og ikkje høyrer heime i det offentlege sine hender. Problemet er at dersom ikkje dette hadde vorte gjort, hadde uansett Kjære Regjering overstyrt trusamfunna på deira innstilling til den nye lova.

Etter at ein har fått ordna dei praktiske tinga hjå det offentlege kontoret, kan ein gå til det trussamfunnet ein ønskjer, og få velsigning derifrå. Då vel trussamfunnet sjølv kven dei vil velsigna, og ikkje.

På den måten dreg ein spørsmålet om homofilt ekteskap bort i frå kyrkjene, og ekteskapet blir meir som ein statleg institusjon. Dersom to menneske ynskjer å leva i lag, er det viktig å gje dei gode sosiale og økonomiske tilhøve til dette. Det gjeld uansett legning.

Ellers då?

Andreas sa...

Intensjonen med dette forslaget er nok god, men utad blant oss KrF-veljarar oppfattast det berre som ein freistnad på å dyssa ned det faktum at KrFU er i mot likekjønna ekteskap i utgangspunktet slik at det skal vera lettare for veljarar som er for likekjønna ekteskap å røysta KrF.

"Etter at ein har fått ordna dei praktiske tinga hjå det offentlege kontoret, kan ein gå til det trussamfunnet ein ønskjer, og få velsigning derifrå." Kvifor skal ein forandra rekkefølga på desse to? Så vidt eg forstår er det fordi:"Problemet er at dersom ikkje dette hadde vorte gjort, hadde uansett Kjære Regjering overstyrt trusamfunna på deira innstilling til den nye lova," og "På den måten dreg ein spørsmålet om homofilt ekteskap bort i frå kyrkjene." Ingen kyrkjesamfunn eller i dette tilfellet prestar kan bli pålagt å via homofile par. Då vært me ein diktaturstat, og det veit eg at Jens Stoltenberg også skjønar. Sidan ingen prestar kan påleggjast å via homofile, vil det alltid vera nokon som nektar. Det vil sei at me ved å innføra borgarleg vigsel uansett ikkje vil ha sjans til å "...dra spørsmålet om homofilt bort frå kyrkjene."

Eg trur Borgarleg Vigsel kan vera ein god ting, men tida me lever i er ikkje tida for det. Argumentasjonen til KrFU held endå ikkje mål.