tirsdag 14. juni 2011

Ordet

Ein epoke var over trudde eg.
Nye kapittel skulle skrivast.
Nye sider registrerast.
Nye profilar lagast.
Nye måleri målast.
Nye melodiar spelast.
Nye tankar tenkjast
Nye drømmar drømmast

og

gamle tekstar slettast.

Men eg likar for godt å skriva.

Om enn ikkje for nokon andre så skriv eg for å sjølv ha noko å lesa.
Det er merkeleg å seia det, men eg likar godt det eg sjølv skriv.

Me får sjå.

Eg er den eg er.
Ingen annan heldigvis,
men stundom til frustrasjon for andre og meg.

"Det er i sanning berre den audmjuka som er audmjuk."

Viss ein tar seg sjølv i å vera audmjuk, er ein då stolt?

For tida lærer eg kva sann overgiving er.


For så høyt elsket...