fredag 27. august 2010

Nerd

I dag las eg i kjent nerdestil ei bok: "Afghanistan og Taliban." Så sær går det faktisk ann å bli sjølv om ein berre er 21 år. Det er noko som har dradd merksemda mi mot Afghanistan sidan eg ei natt i vetterferien las boka til utanriksministeren som alle likar så godt. Den natta hugsar eg godt. Mange gamle tankemønster vart rivne ned og høve eg aldri tidlegare hadde sett føre meg vart med eitt reelle. Det var ymse grunnar til dette. Norsklektoren min på gymnaset lærte meg at ymse er eit i hovudsak negativt ladd ord. Boka frå 2008 hadde ein hovudbodskap: ISAF si framferd i Afghanistan er fåfengd.

Tenk om eg kunne vore så strukturert og dyktig og arbeidsam at eg ein dag kunne arbeida med internasjonalt diplomati og fredsarbeid og global politikk som verkeleg monner der det trengst. Det hadde vore noko det. No er eg berre trøtt og lei og litt småsjuk og har litt for mange tankar i hovudet på ein gong.

Inn til vidare er eg berre litt nerd.

Månen lyser fint gjennom skyene i natt.

For så høyt elsket...

torsdag 19. august 2010

Trur eg.

No hadde eg tenkt å skriva eit blogginnlegg om at det mest dyrebare eg har reiste til andre sida av kloden i dag.

Eg er diverre litt for trøytt til å gjera det.

Difor legg eg meg.

PS: regnet tordnar på takvindauga på loftet i huset på haugen heime hos mor; skulle nærast tru det ikkje berre var eg som er litt lei meg for at Johanna forlet Noreg i morgon. Det går bra altså. Trur eg.

For så høyt elsket...

mandag 16. august 2010

Sertifikat og 1000-lappar

Sommarferien forsvant. Eg er nokre sertifikat og 1000-lappar rikare, men det er ikkje så viktig. Det var godt å leggja seg i ei seng under ei dyna på fredag. Natt til søndag avslutta eg ein månad lang sovepose-epoke. Han må vel vaskast no, soveposen, om eg kjenner mor mi, som fylde år på lørdag, rett.

Det er 16. august og eg treng å samla tankane. Sindre Nyborg sitt album ”MA 2010” på Facebook vert bladd gjennom, og tenker at eg er ein heldig mann. Heldigare enn dei fleste: i sommar fekk eg det ærefulle oppdraget med å leia nokre av Guds born inn i den openberringa misjon er. 10 tenåringar, noverande og komande Framneselevar reiste saman til Estland for å freista å oppfylla vår del av misjonsbefalinga. Mi bøn etter endt misjonreise er at nettopp denne misjonsreisa må vera gnista som set brannen etter å spre Guds rike til heile skapningen i gang i hjarta til desse 10.

Eg sa det var 16. august. Det visste du vel. Første måndag i skuleåret for Framneselevar. I kveld skal me samlast i personalheimane og verta betre kjende. Nye drømmar, tankar, visjonar og medarbeidarar er på plass for å oppfylla Gud sin hensikt på Framnes dette året. Det kjekkaste med å følga Jesus er dei dagane ein oppdagar dei ferdiglagde gjerningane. Desse første dagane i det nye skuleåret har vore slika dagar.

I dag ringte det ein mann og spurde om eg ville vera med han til Israel dersom han betalte halve flybilletten.

No skal eg gå gjennom fjorårets tjenesteavkryssningsskjema for Framneselevane før me sender dei rundt i klassane i morgon etter å ha spist oss runde og gode på svelefest i rorbua til familien Fredheim Oma.


For så høyt elsket...