mandag 16. august 2010

Sertifikat og 1000-lappar

Sommarferien forsvant. Eg er nokre sertifikat og 1000-lappar rikare, men det er ikkje så viktig. Det var godt å leggja seg i ei seng under ei dyna på fredag. Natt til søndag avslutta eg ein månad lang sovepose-epoke. Han må vel vaskast no, soveposen, om eg kjenner mor mi, som fylde år på lørdag, rett.

Det er 16. august og eg treng å samla tankane. Sindre Nyborg sitt album ”MA 2010” på Facebook vert bladd gjennom, og tenker at eg er ein heldig mann. Heldigare enn dei fleste: i sommar fekk eg det ærefulle oppdraget med å leia nokre av Guds born inn i den openberringa misjon er. 10 tenåringar, noverande og komande Framneselevar reiste saman til Estland for å freista å oppfylla vår del av misjonsbefalinga. Mi bøn etter endt misjonreise er at nettopp denne misjonsreisa må vera gnista som set brannen etter å spre Guds rike til heile skapningen i gang i hjarta til desse 10.

Eg sa det var 16. august. Det visste du vel. Første måndag i skuleåret for Framneselevar. I kveld skal me samlast i personalheimane og verta betre kjende. Nye drømmar, tankar, visjonar og medarbeidarar er på plass for å oppfylla Gud sin hensikt på Framnes dette året. Det kjekkaste med å følga Jesus er dei dagane ein oppdagar dei ferdiglagde gjerningane. Desse første dagane i det nye skuleåret har vore slika dagar.

I dag ringte det ein mann og spurde om eg ville vera med han til Israel dersom han betalte halve flybilletten.

No skal eg gå gjennom fjorårets tjenesteavkryssningsskjema for Framneselevane før me sender dei rundt i klassane i morgon etter å ha spist oss runde og gode på svelefest i rorbua til familien Fredheim Oma.


For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Marita sa...

lukke til med eit nytt år på Framnes! Høyrde det var heile fem miljøarbeidarar i år? Det vert nok bra! Kven er dei?

Ragga sa...

Blir saa gira av aa lese! Fantastisk...

Andreas sa...

Dei er ein framifrå gjeng: Håkon Lyngøy, Silje Leikvoll, Thomas Byrknes, Kristina Ingvaldsen og Andreas Sørås. Det vert kjekt.

Det er fantastisk at du skal flytte til Jordan og lære arabisk Raggz. Kamilla Lien byrja på Framnes VGS i dag.

Raggzzzzz sa...

Halleluja for det, Go Kamilla!

Unknown sa...

Eg sko så sykt ha vore ein av dei såkalla framneselevane i år og! Saknar framneslivet, framnesfolkene, til å me framnesmaten! Fortsett å skriva Andreas, keep me updated on the framnes liv!:D