fredag 22. juli 2011

Somarglimt

Nokre somarglimt frå mi dagbok kjem til å koma kanskje på laupande band:


14. juli 2011 01:16
"Ei eksotisk oppleving fann akkurat stad: nattbowling med ein gjeng fulle kviterussarar på eit hotell i Litauen. Det er merkelig kor livet tek oss med. I går fant jeg meg sjølv plutselig ledande på ein debatt om alkoholpolitikk blant dei nemnde kviterussarane. Me har hatt ein fin kveld saman med grillspyd og brus som dei trudde var øl. I dag var dei og demonstrerte med sin klappedemonstrasjon. Dei blei intervjua til kviterussisk tv til og med.
Mens vi spelte den første runden med bowling kom eg i prat med ei nydelig jente, for øvrig var ho den einaste som prata engelsk. Ho fortalde meg om korleis ho etter valet i desember hadde vore på gatene og demonstrert, for så å bli slått ned og kjørt til sjukehus. Der meinte ho å vera trygg, heilt til KGB kom og gjekk frå rom til rom. Ho blei tatt frå sjukehuset og vart sittande 10 dagar i arresten med vel 700 andre av dei 10.000 som var med på demonstrasjonen. Dei hadde berre forsøkt å arrestere så mange som mogleg, fortalde ho meg. På sjukehuset var ho lett å arrestere. Sjøl sa ho til meg: "I just had really much bad luck." Då ho fortalde meg dette visste eg ikkje kva meir eg skulle spørja om, eg hadde jo lest om dette i nyhetene, men det hadde jo vore så langt borte. Eg hadde lese om desse jentene som var arrestert og vilkårleg utsett for den audmjukande fulle ransakinga som inkluderer kroppen sine hulrom. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere eller sei til Svetlana, som ho ironisk nok heitte, der og då, men eg veit at eg der og då bestemte meg for å la brudd på menneskerettane vera noko som virkelig engasjerte meg, ikkje berre noko som det er kult å jobbe med fordi det er inn."

For så høyt elsket...