torsdag 14. juni 2012

Sommer

Nå er sommeren rett rundt hjørnet. Jeg vil lese romaner og høre sanger alene i fred og bli utfordret i tanker og hvile i arbeid og bønn. Og så skal jeg ut i det varme regnet og kjenne at det er godt å bli våt uten å bli kald. Og så vil jeg høre musikk som får frem de følelsene jeg hadde glemt at jeg hadde og virkelig lever livet i pausen fra hverdagen. Det blir godt. For så høyt elsket...

søndag 10. juni 2012

lørdag 2. juni 2012

Kvile og arbeid og livet.

Det er ofte når ein sit heime og ser ut over fjorden og fjella og lar seg fasinera ein byrjar tenkja. Du veit den kjensla som då kjem av å berre synka langt og djupt ned i stolen du veit og kjenna at kroppen kviler. Det er då ein får frysningar på ryggen og ein veit at ein har gjort det ein kunne, og at det tok nesten alle kreftene og ein helst vil grina og det er godt. Det ein då kjenner er gleda over å få arbeida og tena. Det er då ein tek seg tid og lov til å kjenna på kjenslene og la dei setja fargar til tankane. Det er ogdå då ein merkjer kor trøytt ein eigentleg er, og tankane om den djupare meininga gjer at sjølv om ein stiller seg spørsmålet om det i det heile var vits, så veit ein at det var verdt det. For ein veit at me er skapte til å arbeida, og arbeid er bøn. Ein gong då eg var 18 år sa einkvann til meg: "Be som om du ikkje arbeida. Arbeid som om du ikkje ba." Det er dette som er livet. Og det er dette livet me er kalla til å leva i skjæringa mellom det menneskelege og lengta etter det perfekte, som me ofte trur me sjølve kan definera. I ei bok las eg ein gong at Gud måtte lika allminnelige menneske særdeles godt, sidan han hadde skapt så mange av dei. Ein kan ikkje setja livet på vent. Det er ikkje mogleg. Livet er no. Livet er der ein er. Livet er arbeid og bøn. Livet er menneske og relasjonar. Livet er å elska Jesus medan ein arbeidar og velja å gjera også ein Matematikkeksamen for Hans ære. Arbeid er tilbeding, kanskje til og med i endå større grad enn det å syngja er. Likevel har me gåver me må forvalta og foredla til Hans ære. Det kan vera vårt arbeid og måte å elska Jesus på. Samstundes som arbeid er bøn er også stilla og kvilen det. Det er kanskje slik at i kvilen etter eitt endt arbeid er Hans nærleik og kjærleik aller størst. Det er denne kvilen me lengtar etter og det er langt i fra han til latskap. «Alle menneske døyr, men ikkje alle lever.» Dette er sanning, men heile sanninga er at heile livet må levast med eksamenar, menneske, oppvask, fjellturar og Jesus. Det er arbeid. Det er kvile. Det er bøn. Det er livet. For så høyt elsket...