mandag 27. desember 2010

Stjernesludd

I går var eg i fjellet saman med gode vener og kjende på kulda og freden. Nokre hundre meter eitt stykke gjekk eg åleine litt framføre dei andre. Meir trengtes ikkje for å finna ut av andakten eg skal ha på nyttårsafta; nokre minutt åleine i fysisk aktivitet i friluft.

Eg tenkjer visst klårare ute i naturen.

Det var ei merkeleg oppleving.

I kveld gjekk eg jamført twitter heim mellom istappar og snøkrystallar i måneskin og 16 kalde grader. Eg gjekk saman med Kurt Nilsen og songen hans Stjernesludd. Under her ser du noko av det eg såg på veg heim, om enn i ei noko anna drakt.

søndag 26. desember 2010

Eitt år etter

I januar var eg så heldig å få reisa til Tigerstaden for å representera landets sivilarbeidarar i forhandlingar med ein byråkrat høgt oppe i 14. etasje i justisdepartementet. Fleire timar gjekk vekk i meiningslause diskusjonar om pengar me meinte å ha krav på, men eigentleg klarte oss fint utan meinte Justisdepartementet; dei hadde jo ikkje budsjettert med dette. Likesåfullt var det vår rett, sa eg. Me kom ikkje så mykje lenger enn å konstatera at me var ueinige.

Eg dimmiterte frå siviltenesta i juni.

I dag kom det ein lønnslipp frå siviltenesta med beskjed om at pengane kjem i romjula.

Det var interessant.

For så høyt elsket...

fredag 24. desember 2010

Men eg søv ikkje.

I haust har eg lurt på noko som har ført til mange tankar og diskusjonar med meg sjøl og andre.

Eg har freista å løysa dette problemet, eller utfordringa som eg likar å kalla det, utan å oppnå anna enn å dra hypoteser ut i det ein kan omtala som det verkeleg absurde.

Plutseleg ein morgon vakna eg og hadde svaret, eller eg hadde det ikkje, men eg visste kvar eg ville finna det. Og eg fant det.

Eg hadde bedd, rett før eg la meg, om å få løysinga på utfordringa mi i ein draum. Så skjedde det.

Det var ei merkelig oppleving.

Aldri før har Gud talt så klårt og tydeleg.

Utfordringa han viste meg svaret på må ha vore viktig.

Det kjem nok prega mitt liv med han i tida som kjem.

Dei siste dagane har eg måkt oppkøyrsla 5 gongar. Det har vore herleg å gjera eit praktisk målbart arbeid. Det gjer motivasjon.

No køyrer ein måkebil med høghastigheitsgulblinkar rundt i nabolaget midt på natta og vekker nok mange som søv, men eg søv ikkje.

For så høyt elsket...

torsdag 23. desember 2010

This is the truth

Truth is not a teaching, truth is a person.

For så høyt elsket...

onsdag 22. desember 2010

Kaffi og lussekattar

Her ein dag finn eg meg sjølv ståande på Torgalmenningen og dela ut kaffi og Lussekattar. Ei og eg kjem i kontakt med ein mann; han vil så gjerne ha lussekatt og kaffi, men mest av alt vil han prata om livet og sånn. Me pratar om livet og sånn med han. Han er synleg berusa, eller berre rusa, denne mannen. Likevel er blikket klårt, det blaffar ikkje. Han fortel si etter mine mål tragiske historie og seier at ein dag, eller natt alt etter som, kom Jesus til han mens han låg og sov. Tårene til mannen trillar no. Han seier at Jesus kom til han, og sa at han var glad i han. Sjølv om han var ein fyllik, sa Jesus. Tårene trillar fortsatt. Han smilar no, og ler høgt før han på ein barnleg måte utbryt: Jesus er glad i meg.

Det var ei spesiell oppleving.

For så høyt elsket...

tirsdag 21. desember 2010

Ferie

Det er ferie: det er tid for oppsummering, strategi, drømmer og visjoner.

For så høyt elsket...

lørdag 18. desember 2010

TED

Dei siste månadane har eg vorte meir og meir fascinert av TED. Han er her for å opplysa, underhalda og forandra verda.

For så høyt elsket...

torsdag 16. desember 2010

Forundring

Viss jeg ikke blir rettferdig ved mine gode gjerninger, kan jeg da bli syndig ved mine dårlige gjerninger?

For så høyt elsket...

lørdag 11. desember 2010

Takk

En gang skrev jeg bare på bokmål. En gang pleide jeg å skrive dikt når jeg var alene for meg selv uten noe å gjøre eller noen andre til stede. Det har jeg ikke vært i det siste. Før i kveld:

Her er jeg

Trøtt, sliten og lei

Føler meg liten,

avhengig av deg.


Mine tanker

blir mine bønner

dine tanker

blir mine drømmer.


I meg er jeg meg

i deg er jeg

meg i deg.


Jeg er meg

selv

nok.

Og det holder nå



For så høyt elsket...

onsdag 8. desember 2010

Schizofreni

"Gårsdagens fremtid er fortid i morgen."

Det er lenge sidan eg har vore oppe ei natt eg veit eg burde ha fått sova framføre ei datamaskin med internettoppkobling.

Akkurat no tenkjer eg at det hadde vore herleg å berre vore ein vanleg student som kunne brukt tida mi på det eg aller helst vil og på same tide verta opplyst og utfordra i staden for å heile tida skulle oppfordra, utfordra og opplysa. Samstundes veit eg at eg mest sannsynleg kjem til å ha alt for mykje å gjer resten av livet.

Kva trur du: hadde Luther rett då han sa at eit menneske er både syndar og rettferdig på same tid? Eller har dei rett dei som meiner at det ikkje er mogleg "å vera andeleg schizofren?"

Det er ikkje store problem eg har å stri med tenkjer eg. Eller er det eigentleg det?

For så høyt elsket...