onsdag 22. desember 2010

Kaffi og lussekattar

Her ein dag finn eg meg sjølv ståande på Torgalmenningen og dela ut kaffi og Lussekattar. Ei og eg kjem i kontakt med ein mann; han vil så gjerne ha lussekatt og kaffi, men mest av alt vil han prata om livet og sånn. Me pratar om livet og sånn med han. Han er synleg berusa, eller berre rusa, denne mannen. Likevel er blikket klårt, det blaffar ikkje. Han fortel si etter mine mål tragiske historie og seier at ein dag, eller natt alt etter som, kom Jesus til han mens han låg og sov. Tårene til mannen trillar no. Han seier at Jesus kom til han, og sa at han var glad i han. Sjølv om han var ein fyllik, sa Jesus. Tårene trillar fortsatt. Han smilar no, og ler høgt før han på ein barnleg måte utbryt: Jesus er glad i meg.

Det var ei spesiell oppleving.

For så høyt elsket...

1 kommentar:

Marit Bye Vassli sa...

Slike historier rører ved hjertet mitt... Han har virkelig skjønt noe som mange andre ikke har - sannheten!