søndag 26. desember 2010

Eitt år etter

I januar var eg så heldig å få reisa til Tigerstaden for å representera landets sivilarbeidarar i forhandlingar med ein byråkrat høgt oppe i 14. etasje i justisdepartementet. Fleire timar gjekk vekk i meiningslause diskusjonar om pengar me meinte å ha krav på, men eigentleg klarte oss fint utan meinte Justisdepartementet; dei hadde jo ikkje budsjettert med dette. Likesåfullt var det vår rett, sa eg. Me kom ikkje så mykje lenger enn å konstatera at me var ueinige.

Eg dimmiterte frå siviltenesta i juni.

I dag kom det ein lønnslipp frå siviltenesta med beskjed om at pengane kjem i romjula.

Det var interessant.

For så høyt elsket...

Ingen kommentarer: