fredag 24. desember 2010

Men eg søv ikkje.

I haust har eg lurt på noko som har ført til mange tankar og diskusjonar med meg sjøl og andre.

Eg har freista å løysa dette problemet, eller utfordringa som eg likar å kalla det, utan å oppnå anna enn å dra hypoteser ut i det ein kan omtala som det verkeleg absurde.

Plutseleg ein morgon vakna eg og hadde svaret, eller eg hadde det ikkje, men eg visste kvar eg ville finna det. Og eg fant det.

Eg hadde bedd, rett før eg la meg, om å få løysinga på utfordringa mi i ein draum. Så skjedde det.

Det var ei merkelig oppleving.

Aldri før har Gud talt så klårt og tydeleg.

Utfordringa han viste meg svaret på må ha vore viktig.

Det kjem nok prega mitt liv med han i tida som kjem.

Dei siste dagane har eg måkt oppkøyrsla 5 gongar. Det har vore herleg å gjera eit praktisk målbart arbeid. Det gjer motivasjon.

No køyrer ein måkebil med høghastigheitsgulblinkar rundt i nabolaget midt på natta og vekker nok mange som søv, men eg søv ikkje.

For så høyt elsket...

Ingen kommentarer: