tirsdag 22. juni 2010

Ung og Kristen!

I oktober/november 09 fekk eg ein idè: "Så godt som alle ungdommer har Facebook. Tenk hvilken ressurs det vil være å samle alle unge som bekjenner Jesus Kristus som Herre og Frelser i et nettverk. Jeg tør ikke en gang tenke på det mulighetene det ville gitt."

Dette resulterte i ei Facebook-gruppe med til no 5874 medlemmer. Eg hadde store drømmar og visjonar om kva misjonstrategisk verkøy dette kunne verte for organisasjonar og andre som ønska å nå ut til sine respektive målgrupper.

Paul Grønseth kontakta meg til og med for å få meg til å annonsere for den nye CD-en hans. Eg skulle få 50 kr eller noko, per solgte CD til videreutvikling av "Ung Og Kristen!" som organisasjon og informasjonskanal.

Han anslo at 10% av medlemma ville kjøpe CD-en hans, noko som ville resultere i ei inntekt på omtrent 15.000,- kr om eg ikkje har rekna feil, noko eg sikkert har.

Det heile stogga der då eg oppdaga at Facebook av forståelege "tryggleiksgrunnar" blokkerer høvet til å senda ei melding til alle i same gruppe ved passering av 5000 medlemmer.

No har eg ei Facebook-gruppe med nesten 6000 unge, meir eller mindre kristne(meget dårlig ordlegging), og eit enkeltmannsføretak kalla "Ung og Kristen!" registrert i Brønnøysund utan å veta kva eg skal bruka det til.

Nokon forslag?

For så høyt elsket...

lørdag 19. juni 2010

Sky på himmelen

I natt var Himmelen vakker.

Skyene spegla fargen i solnedgongen.

Ein måse sat på toppen av flaggstonga.

Kanskje er det slik at det me treng litt skyer over oss av og til for å sjå fargane og konturane i det som hender?

For så høyt elsket...

fredag 18. juni 2010

Ballanse

Tema i siste Sambåndet var balanse. På sin Facebook-profil skreiv Imf-UNG: Ballanse. Det irriterte meg litt. Eg likar ikkje skrivefeil sjøl om eg ikkje klarar unngå dei.

Eit heilt nummer av sitt hovudorgan klarte Imf å bruka på balanse; balanse i kristenlivet, balanse mellom fritid og arbeid; balanse i familielivet osb.

Sist eg sjekka var balanse noko som høyrde heime i Østens YinogYang-lære utan at eg er nokon ekspert på religionslære.

Ei blanding har eg høyrd skal vera bra.

Å freista å koma i balanse endar som regel i ulykke, men å slå seg til ro med at den blandinga ein har er den ein har, er noko godt.

For så høyt elsket...

Føretak

Eg vart glad då ein elev sa: "Eg har trivst godt i ditt selskap."

"Hver dag prøver jeg å leve slik at noen takker Gud for at jeg er til," seier Isachsen.

Eg er eining med han, meir eller mindre vellykka.

I går oppretta eg mitt eget føretak.

Enkeltmannsføretak trudde eg det heitte, men Kristin Halvorsen har bestemt at det skal heitte enkeltpersonføretak.

Det vert artig å sjå kvar det ender opp med føretaket og med Kristin Halvorsen.

Det er farleg å lova nok med handa på hjarta du ikkje kan halda.

Det er sumar; det er tid for å filosofera, få nye idear; å visjonera.

Mange nye tankar kjem til meg om sumaren.

Eg plar skriva dei ned, for så å:"...ikke lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke," slik Ibsen plar seia det.

For så høyt elsket...

torsdag 17. juni 2010

Arbeid

Det finst så mange typar arbeid:

-lett arbeid
-tungt arbeid
-slitsomt arbeid
-betalt arbeid
-hardt arbeid
-grønt arbeid
-svart arbeid

I dag har eg arbeida hardt, berre motivert ut i fra at eg ville arbeida hardt og tena pengar.

Det var godt å arbeida utan ei ansvarskjensle; berre gjera noko praktisk som kan målast.

Sumaren eg byrja i 3. klasse på vidaregåande var eg litt rundt om i verda. Ein plass traff eg ein blid sørlendig som sa: "Be som om du ikkje skulle arbeide, og arbeid som om du ikkje skulle be."

Dette skreiv eg opp i dagboka mi, saman med eit sitat av Henrik Ibsen: "Man skal ei lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke."

Det minna meg sånnn om det som Arne Næss innleier favorittboka til meg og fleire med:"Det viktige med en bok er ikke de tankene den inneholder, men de tankene den skaper."

Seinare har eg ikkje hatt dagbok, men nattbok av og til.

For så høyt elsket...

Frukost

Nypressa kaffi på presskanna og knekkebrød til frukost.

Det var godt.

Takk for kaffien du som lot han stå på trappa mi.

Eg har nesten vorte friganer.

No er alle reist. Det er stille.

Eg et frukost åleine.

Det er godt, men det er åleine.

Eg vil byrja skriva nyhendebrev.

For så høyt elsket...

onsdag 16. juni 2010

Fred

I natt var eg i fjellet og kjende på freden.

Det var kjekt.

Natta til munnleg eksamen for to år sidan sat ein noverande og ein tidlegare miljøarbeidar på ein grunnmur i Hegrehaugen og snakka om alt.

Det var også kjekt.

Dei fleste har lagt seg no.

For så høyt elsket...

lørdag 12. juni 2010

Utsendt

I 1947 tok Mao makta i Kina. Dette fekk uante konsekvenser. Den Norske Kinamisjonsforbund vart kasta på hovudet ut av landet. Dei skifta namn til Norsk Luthersk Misjonsamband (NLM) og hadde same året si største misjonærutsending i organisasjonen si historie. Det som i dag er Framnes Kristne Vidaregåande Skule var på den tida NLM sin misjonsskule i Noreg. Seinare flytta misjonskulen til Oslo og heiter i dag Fjellhaug Skoler. Det vart nemnt at den største misjonærutsendinga i det som faktisk er Nord-Europas sin største misjonsorganisasjon fann stad på Framnes, eller Prestholmen som det heitte i gamle dagar. Heile 100 misjonærar vart sendt ut. Hovudsakleg til Øst-Afrika/Afrikas Horn og spesielt Etiopia, der NLM fekk ansvar for å misjonera i Sør som nettopp var frigjeve frå Facist-Italia sin okkupasjon. Under kommuniststyre og blant titals språk og folkeslag vann og vinn dei framleis nye sjeler til Guds Rike. Januar 2009 sende den Lutherske Mekane Yesus-kyrkja i Etiopia ut sine første misjonærar.

I november 2007 fekk eg sjølv oppleva misjonsarbeidet sør i Etiopia på nært hald. Me reiste tre stykker for å vitja bistands -og evangeliseringsprosjekta me samla inn til gjennom det årlege misjonsprosjektet til Framnes Kristne Vidaregåande skule, der eg sjølv var elev fra 2005-2008. Eg byrja drøyme då eg var i Etiopia; om at Framnes på ny kunne vera ein misjonstasjon som sende ut 100 misjonærar for å vinna Verda For Kristus, som dei kaller det i NLM. Det eg ikkje visst var at dette allereie var ein realitet. Det hende rett for auga på meg utan at eg oppdaga det; Hundrevis av ungdommar vert kvart år utrusta på Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Det vert forandra av å høyre Guds ord, å reiser ut i verda for å gjera ein forskjell der dei kjem. Ikkje alle vert kjende med Kristus i løpet av Framnestida, men likevel vert dei forandra og sendt ut. Det er fantastisk.

I kveld skjer det igjen. 90 19-åringar som har gått eitt, to eller tre år på Framnes skal sendast ut for å gjera ein forskjell på sine heimplassar, sine arbeidsplassar, sine bygder og i sine familiar. Det er virkelig fantastisk.

Sjølv om det ikkje er like mange som i 1947 trur eg desse 90 kjem til å forandre verda på mange område og i minst like stor grad som dei gjorde i 1947. Nokre vert kanskje lærarar, eller misjonærar, eller fotballspelarar, eller prestar, eller legar, eller sjukepleiarar, eller samfunnsvitarar, eller handverkarar, eller akademikarar, eller professorar, eller politikarar, eller evangelistar, eller forkynnarar, eller fedre, eller mødre, eller besteforeldre, eller rektorar, eller reinhaldarar, eller kjøpmenn, eller mekanikarar, eller soldatar, eller sjåførar, eller...

Det som er sikkert er at verda ikkje kjem til å verte den same etter denne utsendinga.
For så høyt elsket...