lørdag 25. juli 2009

Omsorg i ein kjær leik

Akkurat nettop var eg vitne til ei lita jente som fall og slo seg. Jenta deltek for tida på eit Bibelopplegg for barn og skulle springe på barnemøte. I døra står barneleiaren og ser kva som hender. Ho er ummidelbart på plass, løftar opp og trøstar den vesle jenta som heilt åpenbart slo seg og dermed også gret ein skvett. Likevel får barneleiaren jenta til å fortsetta mot rommet, på tross av tårene i augo. Ho oppfordrar henne til å fortsette; "Kom igjen," seie ho. Så går dei to hand i hand mot døra der barnemøte skal vera. Sjølv om det gjer vondt, gløymer jenta fort smerten sin fordi ho reiser seg opp og held fram.

Det slo meg så brått at det er akkurat slik Gud møter oss når me fell; han er der umiddelbart, løftar oss og trøstar oss. Han tilgjev oss dersom det er det vi treng og sier; "Kom igjen, så skal vi klare dette saman. Kom igjen så skal vi gå saman no. Sjølv om det kanskje gjer litt vondt akkurat no."

For så høyt elsket...

onsdag 15. juli 2009

Folkeforføring

Kjensla av å ynskja bryta ut i ei blanding av hulking og sinne kjem over meg når eg les kva ein tidlegare Krf-veljar skriv på BT sine debatt-sider. Eg siterer: "Som mangeårig KrF-velger har jeg gått over til å stemme Frp. Ser det slik at jeg har blitt tvunget til å velge mellom alternative onder. Savner et parti som snevert konsentrerte seg om å tilrettelegge samfunnet slik at det motiveres til å følge de 10 bud. Det skulle fått min stemme."


Eg blir engasjert og ynskjer å gjera noko når eg ser kor lett ein kan forførast; korleis i all verda kan ein som "...savner et parti som snevert konsentrerte seg om å tilrettelegge samfunnet slik at det motiveres til å følge de 10 bud" gå over til å stemma FrP?

Folkeførar Jensen er dyktig, men ikkje for dyktig til at det er verdt å ta opp kampen. De er vår plikt (de som er einige med meg) å fortleja desse forførte sanninga. For deira eigen og Guds skuld.

For så høyt elsket...

søndag 12. juli 2009

Minner...

Såg akkurat på ein gammal DVD eg hadde liggjande frå då eg snakka bergensk og IL Fri-89 var på treningsleir til Løkken, Danmark våren 2005. Ei av dei mindre sportslige stundene i filmen skilte seg litt ut. Trenaren hadde laga quiz om Danmark og om fotball. Alle på laget deltok individuelt. Trenaren filmar idet folk seier poengsummen dei enda opp med. Av ein eller merkelig grunn var eg igjen til sist. Då eg las opp kor mykje poeng eg fekk var det ein om ikkje overlegen, men i alle fall klar siger som tilfalt unge herr Sørås på 15 år. Smilet vart stort då eg vart tildelt ein boks full av snop som premie, men det vart endå større då han som kom som nummer to i spontan frustrasjon utbraut medan alle høyrde det; "Jævla Bibel!" Det var meg han snakka om. Eg lo høgt då eg såg dette igjen no. Sjøv om dette kanskje høyrest fælt ut så er det gode minne for meg. Og berre tenk at kvar gong ein av dei 18 eg var på lag med ser på den filmen så høyrer dei dette. Eg er stolt over å vera hugsa som "Jævla Bibel!" Sjølv om eg ville valgt eit anna ord framføre B-ordet, og stolhet kanskje ikkje er så bra. Likevel...

Kanskje kan eg leggja ut filmen på Facebook og kanskje også tagga dei som er med. Kanskje han som vart nr to ser på dette som eit godt minne og? Det vonar eg!

Kveldshelsing frå Siviltenesta i Hardanger.

tirsdag 7. juli 2009

Håkon og Andreas syklar Oslo Bergen


To gode vener

Vakker mann i vakkert landskap

Håkon pungterer

Når sant skal seiast var det vel eigentleg berre Håkon som sykla Oslo-->Bergen eller Oslo-->Leiknes er vel rettare sagt. Andreas følgde han berre frå Øystese til Kvamskogen for at Tokagjelet ikkje skulle verta for hardt åleine for den tidlegare gardisten.

Andreas pungterte forresten også, og måtte haika ned att frå Kvamskogen med flatt sykkeldekk og flatt mobilbatteri.