torsdag 22. juli 2010

Gravid

Ei eg kjenner vart gravid ein gong då ho var seksten. Ho og typen hennar var ikkje kristne, tvert i mot tok han klar avstand frå alt som hadde med Gud og kristendommen å gjera.

Paret gjekk likevel til samtale hos ein prest ein periode. Han visste at ingen av dei rekna seg for å vera kristne. Likevel spurde han om etter endt samtale om dei skulle be saman. Dei ba og etter at presten har sagt amen seier jenta som ikkje er kristen med tårer i augo: "Uten Jesus veit eg ikkje ka eg skulle gjort i denne situasjonen."

Eg vart rørt då eg hørde denne historia: fordi det er så fantastisk og santg at Jesus virkelig var der og brydde seg og elska og trøsta.

Ho valde å bera fram bornet, og mi bøn er at den Jesus ho opplevde då ho var gravid skal få trenga endå djupare inn i hjarta hennar og få lega dei djupasta såra slik at ho kan få leva det livet ho er skapt til å leva.

Eg trur virkelig det var dette Jesus meinte då han snakka om: "...mine minste."

For så høyt elsket...