søndag 11. juli 2010

I dag såg eg ein gamal film på VHS. Det byrja regne så slik vart det. Bridget Jones Diary heitte han. Eg lurar på om Lars Reinlund har sett han. For då Johanna, Malin, Marit, Hilde, Jørgen med fleire var i ferd med å ferdigstille årboka til Russen08 skulle dei dekorere utsida av boka med ein ting kvar. Slik eg har vorte fortald ville Malin ha: ”Det der som rektor alltid siar.” Utan at eg hadde merka det hadde rektor Lars Reinlund gong på gong repetert sin hovudbodskap til oss elevar det året: ”Gud elskar deg som du er.” Det hadde Malin fått med seg, og ho ville at det skulle stå på årboka. Tilfeldigvis var eg til stades då rektor Reinlund kjøpte si eiga årbok. Han snur henne og ser kjapt over permane før han på klingande karmøysk med eit stor smil om munnen utbryt: ”Eg ser de har fått med det eg plar seia,” og peikar på skriblinga av ”Gud elskar deg som du er.”

Å bli elska for den eg er var det einaste frk. Jones også ønska seg så i det den kjekke vellykka advokaten seier: ”I like you really good just the way you are,” forandra heile filmen seg og eg tenkte på Malin og rektor Reinlund og Gud.

Det er jo det me alle lengter etter er det ikkje? Å verta elska akkurat slik me er, eller i alle fall for den me er? Tenk om me hadde evna det: å elska kvarandre for den me er og ikkje for det me gjorde.

Nokre spanjolar er høgt elska i dag, for det dei gjorde. Eg veit at det også er elska for det dei er, sjølv om kanskje ikkje dei veit det.

Waka Waka songen til Shakira kom på klokka 06.30 her ein morgon og tok meg med på ei reise til Afrika: It`s time for Africa. Eg tok ikkje hintet før eg dagen etter fekk ein mail frå Addis Abeba.

Det er artig korleis Gud startar noko i liva våre for så å vente med å forløyse det til den rette augneblunken.

Eg har ein lengsel etter å la alt eg gjer er å vera kobla på stammen. Det er alt ei grein gjer for å produsere frukt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Andreas, nok en gang veldig inspirerende! Du er flink til det du... Så over til det mer sreiøse, det er virkelig spennende å skulle høre mer om hva som skjer i livet ditt. Gleder meg til MA! Da blir det kaffe og sånt, ikke sant?!:D