onsdag 14. juli 2010

Kaffien

No står kaffien på kanna og gjer seg klar til å halda meg vaken fram kanskje heilt til klokka halv sju.

Når folk seier dei likar måten eg skriv på vert eg glad. Eg sa akkurat det ein gong til ei jente eg likte veldig godt utan å vita kva konsekvensar det ville få for dei foreløpig siste 3 åra av mitt liv.

For 2 veker sidan fekk eg feira 3-årsjubileum med ei fantastisk jente, som eg gler meg til å halda fram å dela kjensler, livet, opplevingar, Gud og livets tankar, ord og gjerningar med.

Når folk i tillegg seier dei vert inspirert av det eg skriv og at dei diggar bloggen min vert eg oppmuntra.

Då får eg lyst til å skriva meir: om kjensler, livet, opplevingar, Gud, tankar, ord og gjerningar.

I natt skal eg køyra ein liten lastebil og høyra på lovsangsmusikk og syngja med sånn som eg ville gjort om eg hadde vore til stades i salen på Fredrikstad og ingen kunne høyra meg fordi musikken var så høg. For det er ingen som kan høyra meg i lastebilen heller. Utanom han eg syng til.

For så høyt elsket...

9 kommentarer:

Marita sa...

Eg likar måten du skriv på, vert inspirert av det du skriv og diggar bloggen din, Andreas! Håpar du vart oppmuntra:)

Eg har òg ein lengsel etter å vere nett ei slik grein som du skriv så stort om.

Andreas sa...

STORE ORD. Du tok ann;) neida ;P

TAkK! Grunnen til eg skreiv at eg vart oppmuntra er at nokon allereie har sagt det: at dei digga bloggen min. Det var berre det, men takk uansett.

Marita sa...

ja, det skjøna eg, men ein kan vel aldri få nok av slike kompliment? :) God sommar til deg!

Ragga sa...

Fredrikstad eller ikke, Gud er Gud om alle mann var døde! Det liker jeg ved HAM. halleluja for det. Og for livet!:)

Lindabk sa...

Hei Andreas. Håper du har en vidunderlig sommer. Gratulerer med 3årsdag :D

Andreas sa...

sommeren er fin og regnfull! Takk med 3årsdag Linda-Pinda;)

Andreas sa...

Petter Dass hadde skjønt det han Raggzza: "Hvorhen du svever, se til du lever, som Guds ord krever. Til prikke."

Eg lurer på kva eg hadde gjort om nokre som samla inn pengar hadde kome på døra og eg hadde hatt ein 50-lapp og ein 500-lapp i lommeboka. Hadde eg gitt 50-lappen, eller 500-lappen? Eller hadde eg tenkt på nordlandsbiskopen og gitt begge deler?

Ragnhild sa...

eg og likar bloggen din Andreas :) Eg likar deg og.

Ragga sa...

Fasinerende ..