fredag 16. juli 2010

Varmt regn

I går gjekk eg ein tur i skogen på heia i regnet utan å verta kald, men våt vart eg; søkk igjennom.
Det var kjekt.


Før det bladde eg, og las litt, i boka "Turer med trøkk" av Lars Monsen med fleire, frå forlaget "Lars, det Ville ekstra." Eit kapittel i boka var skrive av nokre som overvintra i Alaska og livnæra seg av det dei fann der; bjørn og elg og bær og kongler og sånn. Dei var "Into the Wild," som det heiter i filmen eg såg ei kald estisk januarnatt i 2009. Ein av dei som skreiv var litt av ein filosof. Dette er eit fritt gjengjeve utdrag av hans tankar i ei lita trehytte lså langt fra sivilisasjon som der mogleg å koma.:

"Kommunikasjon mellom mennesker lever i et hus. Huset består av tid. Dersom tiden har trange kår, har ikke kommunikasjonen noe hus å bo i. Da blir kommunikasjon mellom mennesker til toveismonologer, der vi snakker til hverandre uten å lytte."

Eg har aldri tenkt på at det er det Sondre Lerche syng om i sangen sin: "Two way monolouge."

Kanskje Sondre Lerche opplever å ikkje verta lytta til? Kanskje han er omgitt av menneske som alltid skal overgå kvarandre med kva dei har gjort, opplevd eller prestert?

Eg hugsar me prata om dette ein gong me var 17-18, Roger, Håkon og meg med fleire: Kanskje er det best å ikkje alltid skulle overgå, men heller anerkjenne og bekrefte folk for det dei fortel og av og til halda tilbake det ein så gjerne har så lyst å seia som ein veit overgår det den andre nettopp sa. Kanskje er det best av og til, eller heile tida, å berre seia: "Så bra då." For så å smila og stilla spørsmål.

Eller kanskje er det noko heilt anna Sondre Lerche syng om.

Eg plar ikkje få med meg namnet til dei eg helsar på fordi eg er alt for oppteke med å seie mitt eige. Er det "Two way monolouge?"

No er huset til mor og far tomt for folk og pappa sitt dyre anlegg med god lyd spelar "Navnet Jesus" så høgt det berre kan, mens eg syng med. Er det frihet?

I lastebilen eg har køyrt dei 4 siste nettene har eg hatt èin CD med hakk i plata nokre spor uti. Dei 2 første sangane er spelt oppattatt i nattemørkret. Dette har ført til ein gryande entusiasme og glede og ei takksemd over å verta frelst og få lov til å læra å kjenna Gud betre og betre for kvar dag som går:


For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Andreas sa...

Forresten: No har eg ferie. Det er godt.

Ragga sa...

La det regne ned!:) Takk for at du deler di takksemd! Det gjør meg mer takknemlig. Nå skal jeg spasere opp fra Skien sentrum til Bratsberghavna. Det er en velsignelse å få leve!