mandag 5. juli 2010

Drømmer

Når eg tar meg sjølv i å lese bøker er det eit teikn på at kvardagstempoet ligg litt under normalen.

Det er godt med ferie sjølv om dagane startar klokka 06.

Å arbeida praktisk i hagen er terapi for meg av og til.
Dei fleste stratgiar, idèar og tankar kjem medan eg held på med noko praktisk som for eksempel å slå gras eller spyle ein bergvegg fri for mose. Eller når eg står i dusjen etterpå.

Det er visst slik det fungerer har eg høyrd: hjernen fungerer best når me kombinerer dei 2 hjernedelane; den praktisk/kreative med den logisk/abstrakte, eller noko sånt.

Einstein formulerte visstnok relativitetsteorien medan han spela fiolin.
Eg slår berre gras og det er ikkje relativitetsteorien eg kjem på, men det er godt å kjenne at kroppen og kreativiteten lever sjøl etter eit skulefritt år der eg har vore nødt til å skaffe meg mine eigne nye impulsar.

Ein dag skal eg disiplinere meg, arbeide hardt, studere nøye og bli best i eit eller anna.

Kanskje MatteMatikk, ingeniørkunst, medisin, filosofi, historie, religion, teologi, økonomi eller noko anna. For det er ingen begrensningar for kva ein kan gjere.

Når eg er så priviligert at eg bur i Noreg og får servert alle moglegheiter på eit sølvfat.
Korleis kan eg la vere å gripe dei? Eg kan ikkje det.

Derre tenkt på kor mykje, mange ville gitt for å ha eit norks pass som kan ta deg kor du vil i verda. Kor eg vil i verda!

Det er ikkje så mange som har høve til å reise kor dei vil i verda. Eg må nytte meg av det høvet.

Gjer det at vi kjem frå Noreg med pass som kan ta oss kvar me vil oss eit ekstra ansvar for å fullføre misjonsbefalinga?

Vi snakker om at snart kjem det misjonærar frå Kina eller Afrika til Noreg, men dei kjem jo ikkje inn uten visum, og det får dei jo ikkje. Eg får visum kvar eg vil, kva tid eg vil.

For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Synnoove sa...

Kult:) Eg òg kjem på idear og den slags best viss eg held på med noko. Når eg vaske i barnehagen f.eks, ja, DÅ jobbe virkelig hjernen:P Eg kom t.d. på at me sku ha arrangert eit aldri så lite "3 års jubileum" for klassen eg gjekk i på ungdomsskulen for å treffa folk igjen og høyra ka dei skal til neste år. Ok, nok om da.

Visum og misjonsbefaling... Da har eg aldri tenkt på før. Me har jo veldig mange mulighetar ja, nesten litt for mange. Og ja, da e kanskje enklare for oss å reisa ut, enn for mange andre. Men nokon må iallefall bli igjen. Spennande tanke!

Andreas sa...

Godt å høyre! :) 3.års-jubileum er nok kjekt. Då kunne vel eg arrangert 5-årsjubileum for min klasse då :).

Nokon må verta att, det er klart. Det er likevel ingen tvil om at andelen kristne som reiser ut for å nå unådde med evangeliet er vesentleg lavare enn kva ein skulle kunne forvente. Kor mange 1000 er me ikkje her heime til å ta vare på kvarandre i forhold til kor mange som er der ute for å ta seg av alle dei millionane unådde som finst.