tirsdag 22. juni 2010

Ung og Kristen!

I oktober/november 09 fekk eg ein idè: "Så godt som alle ungdommer har Facebook. Tenk hvilken ressurs det vil være å samle alle unge som bekjenner Jesus Kristus som Herre og Frelser i et nettverk. Jeg tør ikke en gang tenke på det mulighetene det ville gitt."

Dette resulterte i ei Facebook-gruppe med til no 5874 medlemmer. Eg hadde store drømmar og visjonar om kva misjonstrategisk verkøy dette kunne verte for organisasjonar og andre som ønska å nå ut til sine respektive målgrupper.

Paul Grønseth kontakta meg til og med for å få meg til å annonsere for den nye CD-en hans. Eg skulle få 50 kr eller noko, per solgte CD til videreutvikling av "Ung Og Kristen!" som organisasjon og informasjonskanal.

Han anslo at 10% av medlemma ville kjøpe CD-en hans, noko som ville resultere i ei inntekt på omtrent 15.000,- kr om eg ikkje har rekna feil, noko eg sikkert har.

Det heile stogga der då eg oppdaga at Facebook av forståelege "tryggleiksgrunnar" blokkerer høvet til å senda ei melding til alle i same gruppe ved passering av 5000 medlemmer.

No har eg ei Facebook-gruppe med nesten 6000 unge, meir eller mindre kristne(meget dårlig ordlegging), og eit enkeltmannsføretak kalla "Ung og Kristen!" registrert i Brønnøysund utan å veta kva eg skal bruka det til.

Nokon forslag?

For så høyt elsket...

3 kommentarer:

Joakim sa...

Ta over verden!

Joakim sa...

Ta over verden!

Anonym sa...

Fantastisk, Andreas!
Eg likar særs godt denne gruppa. Tusen takk for at du starta ho.
Eg trur denne sida allereie har vorte burka til noko, berre ved å vere der. Men, Gud har nok nokon tankar ved dette. Han kjem nok til å gje ein lyd når du er klar for det:)
God Bless!