fredag 18. juni 2010

Føretak

Eg vart glad då ein elev sa: "Eg har trivst godt i ditt selskap."

"Hver dag prøver jeg å leve slik at noen takker Gud for at jeg er til," seier Isachsen.

Eg er eining med han, meir eller mindre vellykka.

I går oppretta eg mitt eget føretak.

Enkeltmannsføretak trudde eg det heitte, men Kristin Halvorsen har bestemt at det skal heitte enkeltpersonføretak.

Det vert artig å sjå kvar det ender opp med føretaket og med Kristin Halvorsen.

Det er farleg å lova nok med handa på hjarta du ikkje kan halda.

Det er sumar; det er tid for å filosofera, få nye idear; å visjonera.

Mange nye tankar kjem til meg om sumaren.

Eg plar skriva dei ned, for så å:"...ikke lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke," slik Ibsen plar seia det.

For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Marita sa...

Eg likar utviklinga eg ser på bloggen din. Meir filosofi. Meir Poesi. Mindre politikk. Ei blanding er nok godt.

Nye tankar kjem ofte til meg òg om sommaren. Eg vonar og trur at denne sommaren vert ein sommar full av nye tankar, nye idéar og forandringar som frydar.

God sommar til deg, Andreas, og takk for tre flotte år! Framnes er heldige som får behalda deg endå litt til! Guds fred!

Andreas sa...

Ei blanding! Der sa du det.