lørdag 12. juni 2010

Utsendt

I 1947 tok Mao makta i Kina. Dette fekk uante konsekvenser. Den Norske Kinamisjonsforbund vart kasta på hovudet ut av landet. Dei skifta namn til Norsk Luthersk Misjonsamband (NLM) og hadde same året si største misjonærutsending i organisasjonen si historie. Det som i dag er Framnes Kristne Vidaregåande Skule var på den tida NLM sin misjonsskule i Noreg. Seinare flytta misjonskulen til Oslo og heiter i dag Fjellhaug Skoler. Det vart nemnt at den største misjonærutsendinga i det som faktisk er Nord-Europas sin største misjonsorganisasjon fann stad på Framnes, eller Prestholmen som det heitte i gamle dagar. Heile 100 misjonærar vart sendt ut. Hovudsakleg til Øst-Afrika/Afrikas Horn og spesielt Etiopia, der NLM fekk ansvar for å misjonera i Sør som nettopp var frigjeve frå Facist-Italia sin okkupasjon. Under kommuniststyre og blant titals språk og folkeslag vann og vinn dei framleis nye sjeler til Guds Rike. Januar 2009 sende den Lutherske Mekane Yesus-kyrkja i Etiopia ut sine første misjonærar.

I november 2007 fekk eg sjølv oppleva misjonsarbeidet sør i Etiopia på nært hald. Me reiste tre stykker for å vitja bistands -og evangeliseringsprosjekta me samla inn til gjennom det årlege misjonsprosjektet til Framnes Kristne Vidaregåande skule, der eg sjølv var elev fra 2005-2008. Eg byrja drøyme då eg var i Etiopia; om at Framnes på ny kunne vera ein misjonstasjon som sende ut 100 misjonærar for å vinna Verda For Kristus, som dei kaller det i NLM. Det eg ikkje visst var at dette allereie var ein realitet. Det hende rett for auga på meg utan at eg oppdaga det; Hundrevis av ungdommar vert kvart år utrusta på Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Det vert forandra av å høyre Guds ord, å reiser ut i verda for å gjera ein forskjell der dei kjem. Ikkje alle vert kjende med Kristus i løpet av Framnestida, men likevel vert dei forandra og sendt ut. Det er fantastisk.

I kveld skjer det igjen. 90 19-åringar som har gått eitt, to eller tre år på Framnes skal sendast ut for å gjera ein forskjell på sine heimplassar, sine arbeidsplassar, sine bygder og i sine familiar. Det er virkelig fantastisk.

Sjølv om det ikkje er like mange som i 1947 trur eg desse 90 kjem til å forandre verda på mange område og i minst like stor grad som dei gjorde i 1947. Nokre vert kanskje lærarar, eller misjonærar, eller fotballspelarar, eller prestar, eller legar, eller sjukepleiarar, eller samfunnsvitarar, eller handverkarar, eller akademikarar, eller professorar, eller politikarar, eller evangelistar, eller forkynnarar, eller fedre, eller mødre, eller besteforeldre, eller rektorar, eller reinhaldarar, eller kjøpmenn, eller mekanikarar, eller soldatar, eller sjåførar, eller...

Det som er sikkert er at verda ikkje kjem til å verte den same etter denne utsendinga.
For så høyt elsket...

2 kommentarer:

Kathrine :) sa...

Fantastisk!

Å tenk d, DU har vore ein av dei så har fått vore me å jitt månge av desse nydelige folke goe råd, långe å meiningsfulle samtalar å møkje bra å tenka på!

Andreas sa...

Det er rart korleis Gud syr det store lappeteppet sammen uten at vi tenker over det.

Det er dette som gir Himmel over arbeidet på Framnes: gir det meining rett og slett.