torsdag 17. desember 2009

Disiplin

Det er så merkeleg korleis me så lett gløymer å prioritera det som gjev oss energi. Korleis eg heile tida utsett det og tilslutt gir blaffen. Eg merkar korleis det å ikkje prioritera tid med Guds ord bryt meg ned både mentalt og fysisk. Mitt ønske er å bruka tid med Guds ord fordi det byggjer meg opp! Kor vart det av disiplinen som trengst for å klara det? Eg reknar meg sjølv som ein disippel (same greske rota som disiplin) som lever på Nåde, utan han er eg ingenting, samstundes treng eg disiplin for å gjera det eg set meg føre. Ikkje for å få nåde eller kjærleik, men for å byggja meg sjølv opp, slik at eg kan byggja opp dei rundt meg. Disiplin som ein konsekvens av kjærleik er noko eg treng!

For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Håkon Lyngøy sa...

Eg òg.

Anonym sa...

Hmmm. Æ og! Et bibelvers til deg Andreas: Jer 15:16. Mediter litt på det du!

Anonym sa...

I will not acquiesce in on it. I regard as precise post. Especially the title-deed attracted me to study the unscathed story.

Anonym sa...

Nice dispatch and this enter helped me alot in my college assignement. Say thank you you seeking your information.

Ragga sa...

Noe nytt?