søndag 31. januar 2010

Ting tar tid

For første gong sidan før jul sette eg meg akkurat ned ved skrivepulten min framføre datamaskina mi. Tida har "fòre av stad" , som dei seier, den siste månaden. Og eg tenkte akkurat at på denne tida i fjor hadde eg ikkje min eigen skrivpult men sov nedst i ei køyeseng på ei celle med fire andre annankvar veke. Dei andre vekene sov eg ein eller annan stad i den varme Ajungilak-soveposen eg fekk til jul av mor mi ein gong for mange år sidan. Den siste månaden har eg også var ein og annan stad. Blant anna tok livet meg med på ei reise til metropolen Paris. I Paris las eg ei bok. Boka heiter Materialisme og er ein slags statusrapport for korleis Norge "låg ann" fram mot 100-årsjubileumet av nasjonen i 2005. Ho inneheldt mange lesestykke for framtida. Blant anna "Ting tar tid" av Dag Hareide.

Den siste månaden har for min del vore fylt til randen med aktivitetar, og den neste likeså. Nyttårshelga las eg ei bok kalla "Villdyret." Det var ei god bok, og ho fekk meg til å tenkja. For det er jo dei tankane ei bok skaper som er viktige, ikkje dei ho inneheldt. Ho fek meg til å tenkja på relasjonar mellom menneske og mellom Gud og menneske. Eg innsåg nok ein gong at dette var noko eg hadde forsømt, og eg lurte på korleis i all verda eg kunne vera så dum. Men det skjer jo ikkje noko før ein gjer noko med det. Så eg gjorde noko med det og har igjen fått æra av å oppleva menneske fortelja korleis dei har det når eg berre har tort å spørja: "Korleis går det eigentleg med deg?" Eller andre relevante spørsmål. Når nokon så fortel og ausar av hjarta sitt er det så godt og lytta og til slutt seia: "Skal me be saman?"

I "Ting Tar Tid" freista Dag Hareide å skildra nettopp den underæreringa me i vårt materialistiske samfunn har på djupe relasjonar og gode samtaler der me byggjer relasjonar og venskap som virkeleg er det einaste som varer. Han fortalde om då han hadde vore spesialutsending for FN til Etiopia for å leia naudhjelpsarbeidet der då den store hungersnøden herja på 90-talet. Han fortalde om denne såkalla "varme kulturen" der menneske er det viktigaste og det er heilt naturleg for 2 gutar å visa at dei er gode vener ved å halda hender på gata utan at nokon trur de er homofile. Han fortalde om korleis det hadde vore å kome tilbake til Noreg og få det han kalla eit tingsjokk. Tida i Etiopia hadde han ikkje hatt så mange ting, men menneske hadde vore rundt han heile tida. Då han kom heim måtte han på ny forholde seg til ting heile tida. Han fekk eit "tingsjokk." Han tok seg sjølv i å bruke ein heil dag på å rydde ting, planlegge å kjøpe ting, kjøpe ting, tørke støv av ting, bruke ting og kaste ting.

Hans konklusjon var at ting tar tid, slik at vi ikkje har tid til å la menneske få vår tid.

Det var ei god skildring av materialisme.

Ei ny politisk rørsle er herved stifta. Vårt slagord er:

"Ting tar tid. Ned med materialisme!"

"Leve tiden! Ned med tingene!"

"Ting er tull."

eller noko anna lurt som nokon kjem på.

For så høyt elsket...

5 kommentarer:

Anonym sa...

Viktige tankar, Andreas.
Eg trur materialisme er eit stort problem i Noreg, kanskje "problemet" med Noreg. Noreg er absolutt eit fantastisk land å bu i, og eg er særs stolt av å vere norsk.. Men, det er framleis høge sølvmords statestikkar og mentalt utslitte menneske i Noreg. Eg trur absolutt at dette kjem av mangel på djupe mennesklege relasjonar, venlege relasjonar, smilande realsjonar, og ikkje minst eit forhold til Gud..
Viktige saker, dette..
God bless

Anonym sa...

Viktige tankar, Andreas.
Eg trur materialisme er eit stort problem i Noreg, kanskje "problemet" med Noreg. Noreg er absolutt eit fantastisk land å bu i, og eg er særs stolt av å vere norsk.. Men, det er framleis høge sølvmords statestikkar og mentalt utslitte menneske i Noreg. Eg trur absolutt at dette kjem av mangel på djupe mennesklege relasjonar, venlege relasjonar, smilande realsjonar, og ikkje minst eit forhold til Gud..
Viktige saker, dette..
God bless

Anonym sa...

Du får meg stadig til å tenke, og komme med flere ettertanker. Skulle ønske vi kunne hatt noen kvelder med kaffe og is, og latt samtalen gått ut i de sene nattetimer. Lenge siden, elller litt ihvertfall.
Ting tar tid. Det var et helt nytt perspektiv på det ordtaket. Stå på videre. Du skal nok se at du havner i fengselet snart. Men så blir det prison break! JEI
Hadeja

Andreas sa...

Ein dag skal eg selga alt eg eig og gje pengane til dei fattige. Lurar på kor mykje pengar eg hadde fått då?

Roger Drange sa...

Hvorfor jobbe for livets opphold dersom livet ikke har noe - opphold?