tirsdag 1. mai 2007

All slags mulig drit

All slags mulig drit er noko eg likar. Eg plar ta vare på det og gøyme det vekk til ein gong eg kanskje får bruk for det. Eller om det er flatt nok, lime det inn i ei bok eg fekk av Kurt ein gong til jula. Slik har det alltid vore for min del, alltid masse drit. Materialistisk trur eg ikkje er rette ordet, men eg likar nye ting det gjer eg. Eller kanskje det er reaksjonane til dei rundt meg eg likar.
Når eg dreg fram noko merkeleg med ein rar fasong sprer det kanskje litt glede. Eller kanskje gjenstanden har det ein kallar affeksjonsverdi. Det er mange av tinga som berre er minner. Minner trur eg kan vera eit fint ord på desse gjenstandane. Dei kan eg dra fram og sei: "Hugsar du den gongen?". Eg kjenner alle tinga mine, hugser kvar einaste ein av dei når eg ser og tar på dei. Likevel savnar eg dei ikkje om dei vert borte, vertfall ikkje alle. Når eg då finn dei att, då er det likevel mykje glede som vert spreidd. Søkjer eg glede i minner og i ting og i tang og i ditt og i datt?

For så høyt elsket...

1 kommentar:

Anne Severine sa...

Hehe... kjenne me igjen i den der.... Berred d at om e misser nøke, so sørge e i lang tid ettepå;P
Ha en fin dag..

PS: e he ostekake i kjøleskapet;P