søndag 13. mai 2007

Henrik

Henrik eit namn som opprinneleg stammar frå eit langt anna språk enn norsk. Eg har høyrd at Henrikar lett kvelvar i kajakk og at dei er flinke på skulen. Dei plar i alle fall å overgå Andreasar. Henrikar er flinke i fotball og namnet deira tyder noko sånt som keiser eller herskar. Det er mykje betre enn eit namn som Andreas, han var jo berre broren til Peter. Henrikar er smarte, og vinn alltid, neste i alle fall, når dei spelar data eller sjakk med Andreasar. Me likar likevel ikkje at dei spelar Battlefield II, dei skyt og drep og den slags. Sølv om det berre er 12 års aldersgrense. Henrikar er også glade i is, medan Andreasar må nøya seg med frukt.



Henrik er altså min veslebror. Han imponerar til stadighet, og har til å med byrja å slenge litt drit tilbake til meg. Sidan sist eg var heime har han vakse ca 1 meter. Det er kjempeflott! Stå på veslebror.

For så høyt elsket...

Ingen kommentarer: