
Eg har eit etisk problem:
Korleis kan eg vurdera å bruka 10.000 NOK på dykkarutstyr når verda står overfor den verste sultkatastrofen i manns minne og dei 10.000 Kr eg har kan redda nokon sitt liv?
Dette spørsmålet har plaga meg nokre dagar. Eg treng desperat nokre svar gjeve i visdom.
Eg kjenner meg så på sida av så mange rundt meg...
Skal me la oss styra av behov og trengsel eller av "andre ting?"
Foreløpig har ikkje funne nokre "andre ting" som er gode nok til å la vær å verta styrt av behov og trengsel. Veit du om nokon så sei det! Eg MÅ høyra det.
Har du sett Schindlers Liste?
Sjå den og legg merke til sistescena, eg kjenner meg litt som Herr Schindler, og det plagar meg.
For så høyt elsket...