torsdag 19. juli 2007

Samanheng

Viser til: Drømmelignende frekkheter og Den smale grusvegen

Jonathan måse……………………

Det varte ikkje lenge før Jonathan måse var langt ute på havet att og øvde seg, aleine, svolten og lykkeleg. Plutseleg fekk han auge å på ein fiskebåt, han flaug ned til den og satt seg på masta. Rett etterpå høyrde han ei stemme som sa ”Kom her da måse, eg har fisk til deg.” Det var ein stor tjukk mann med skjegg og sydvest som sa det. Jonathan flaug ned til han og heiv innpå med fisk. ”Eg såg at du flaug der oppe, det var heilt fantastisk. Eg eig tilfeldigvis ein dyrehage i England, der er det utruleg mange fine måsejenter. Kva seier du til det? Du ville bli ein helt visst du vil.” Jonathan tenkte seg nøye om før han svarte at han så klart ville det.
Eit par dagar etter var dei framme i dyrehagen. Dei begynte med showet med ein gong han kom dertil. Han var den beste flygaren dei nokosinne hadde hatt. I parken møtte han den finaste måsejenta han nokon gong hadde sett, dei vart kjærestar med ein gong og gifta seg etter ein månad. Dei fekk mange måseungar og levde lykkeleg i alle sine dagar, og snipp, snapp, snute så var eventyret ute.
23.08.2002 Andreas Sørås

7 kommentarer:

mari sa...

kjekt for han det. En av mine mange barndomskjæresta heitte Jonathan.
Men vi gifta oss ikkje etter en månad. Vi fikk heller ingen måseonga.

Byrknes sa...

Du skal ikke ta i mot godteri fra fremmede spesielt ikke en stor tjukk mann med sjegg. Det kan virke litt skumelt og tvilsomt ut. Men denne måsen hadde visst flaks

Anonym sa...

Kasper og Jesper og Jonathan. Det er det næraste forholdet eg nokon gong har hatt til ein Jonathan. Men det var jo fint.

Byrknes sa...

Jeg drømte om christiano ronaldo i natt, han ga meg ingen t-skjorte og han bare reiste uten og si farvell :(

Anonym sa...

Rips er og bær.

-Andreas

Anonym sa...

Eg drøymde at eg var knallgod til å ta på meg linser i natt. Trong ikkje spegel ein gong.

Anonym sa...

Da e grett, eg ska koma opp