tirsdag 31. juli 2007

Ein veldig vakker dag

Forløp:
Eg treng ein setting, eller setning. Kva skulle den kunne vera? Noko daglegdags, dommen, daglegdags, vakker dag

Resultat:
Ein veldig vakker dag er den dagen då ein vaknar tidleg av seg sjølv og kjenner at kroppen fungerer som den skal utan spor av stive musklar eller eit trøtt tryne. Ein lever berre der og då og skjønar at det er klokt å gje seg hen til noko større enn egen kynisme og egoisme. Dei tinga ein ikkje likar tenkjer ein ikkje på fordi ein freistar å møta alt og alle med et ope sinn. Dermed vert ein heller positivt overraska når mattetimen går mykje betre enn forventa fordi ein faktisk var så vaken at ein klarte å følgja med. Ein møter nye menneske og pratar med dei, får tak i ein liten bit av liva deira og lyttar til dei. Det er ein veldig vakker dag, den dagen ein kan klara nettopp det. Ein gjer det ein klarar og veit at no har ein gjort sin jobb, og det er ein skikkeleg god jobb. Dagen går og kvelden tilbringer ein saman med gode vener. Gleda er stor og ho du likar smiler til deg og sa ho var glad i deg då ho gjekk. Kvelden er alltid ung og den harde kjernen er der endå. Praten går om både lystige og alvorlige tema utan tanke på at morgondagen startar tidleg.
Ein slik veldig vakker dag opplever eg å drøyma om innimellom, mendan dei fleste andre dagar der eg blir møtt av smil eller helst farvel med et smil ”berre” er ein vakker dag. Denne dagen trur eg ein kan få oppleva eit glimt av Himmelriket. Eit glimt av den immanensen som romantikerne snakka om vært gitt os vanlege dødelege. Ein legg seg med eit smil om munnen og får kanskje ikkje sova med det same. Då står ein opp og les eller kanskje helst skriv.Det er ein veldig vakker dag.

Takk til Bjørn

7 kommentarer:

Øyvind Bye sa...

ikke i dag kanskje, men enten Onsdag, Torsdag eller Fredag. På onsdag passer det ganske mye, på torsdag jobber jeg fra 1445-2215 og det samme gjør jeg på fredag, senkveld/natt passer best for meg, men formiddag er også fint...

Øyvind Bye sa...

by the way! Stilig innlegg og stilig blogg!

Anonym sa...

For så høgt elska Gud verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Amen!

Anonym sa...

Nokre gonger står det slik: "For så elska Gud verda: Han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på Han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."

Då vert det på ein måte slik at det som står etter kolonet vert ei forklaring til det som står foran. Det kan kanskje forandre forståinga av verset litt...

Amen!

Anonym sa...

hmmm... D innlegget fikk meg til å innse at jeg er ferdig med matte'n og at de neste skoledagene i høst og vår kommer til å gå så d knaker... Neida, men d var fint skrevet. Bra formulert, eg er impressed.... PS: eg ær heilt språkforvirra...

Anonym sa...

I am depressed, or impressed

Anonym sa...

Eg har akkurat hatt ein veldig vakker dag, men ikkje på denna måten.