torsdag 19. juli 2007

Hei!

Eg heiter Andreas, er 13 år og går i klasse 8c på Garnes ungdomskule. Der likar eg meg utruleg godt, og har kome i klasse med ein kjempekjekk gjeng. Eg er frå Espeland i Arna som ligg eit par mil utanfor Bergen. Saman med meg bur Mamma (Anne-Britt 43) Pappa(Jarle 40), Matilde(16) Henrik(8) og Mormor som heiter Nancy (83). Vi bur i eit grønt gamalt hus i Moldahaugane på Espeland.

Her trivst eg kjempegodt, og har budd her sidan eg vart fødd den 23. mai 1989. Eg er om lag ein meter og 70 centimeter høg og veier rundt 65 kilo. Akkurat no har eg heilt lyst hår fordi eg bleika det for eit par dagar sidan, men vanlegvis er eg mørkeblond. Augefargen min er lyseblå, noko som også er yndlingsfargen min.

På fritida likar eg å være med venar, spele fotball, reise på leir og gå på Y-ungdom. Elles likar eg å spele og gjere andre ting med data, men det skal de få høyre meir om seinare. Når eg skal høyre på musikk likar eg å høyre på litt av kvart som til dømes: All Stars United, A-ha, Travis og mykje anna.
Dei to beste venene mine heiter Christopher og Joakim, dei har eg vore kjend så lenge eg kan hugse.

5 kommentarer:

Lindabk sa...

Kan jeg og låne den tidsmaskinen?

Anonym sa...

ja

Anonym sa...

Heiane, på tre år vaks eg 6 cm og 30 kg

Anonym sa...

32 faktisk

Anonym sa...

På 1 1/2 veka:
+ 4 cm
- 5 kg

Slå den du.