mandag 23. juli 2007

Detta er det vel det det det det de vil høyra


Misjonsprosjektet går så det suser!
Likevel er det valkamp. Samstundes som eg skal sova og gjerne stå på ski og vri - på gassen og fiska og kanskje smiska og debattera og konstruera og arbeida og smila og bila og bussa og pussa og toga og støvsuga i stova og eta og veta - alt og svelga og velga og tenka og benka - spiker og lesa og fresa - dersom det trengs og og trene og mene og synga og kanskje gynga og elska og æra og sosa og kosa - meg og slappa av og ta av og snakka og pakka og vaska og klaska - handa i bordet og hogga ved og setja foten ned og bestilla og grilla og båta og gråta og høyra på mongen låta og reisa og peisa og sjå og gå - eller springa og klippa og ikkje sippa og leva og sveva - på ei sky høgt oppe i lufta og skriva og riva og raka og vera engasjert, disiplinert, strukturert, representetiv, ikkje støl eller stiv og sist men ikkje minst eit hovud framføre - alltid...
Lev alltid som om Jesus skulle koma att i morgon. Eller elsk som om Jesus skulle koma att imorgon. Lev som om Jesus aldri skulle koma igjen.
Æres den som æres bør stod det på eit russekort ein gong. Dersom eg ein gong vert russ kan du jo tenka deg... Eg må opna ei bok og sjå i henne. Det er mange månadar sidan sist.
Dødelig. Men det gir liv - nettopp liv! Det er det ikkje, det vert ikkje den. Eg MÅ byggja meg sjølv opp i blant!
No skal eg opna LysPunkter og det første eg les skal eg skriva ned her: "Iblant sitter jeg å tenker, i blant bare sitter jeg." Det var heilt tilfeldig. No skal eg snart berre sitta. I alle fall for ei lita stund. Frå Halligdalen var det og.

Forresten: Veit du kva for ein norsk by som ligg midt i Tsjekkoslovakia? Nei det gjer du vel ikkje. Eller kanskje. Det hadde vore morosamt. Vinnaren skal få veta ein løyndom eller ta del i ei røynda.

Forresten må eg seia at Narnia er meir okkult enn Harry Potter. Viss ein då tar utgangspunkt i at verken "Gutten som overlevde" eller Clive Staples Lewis fantastiske verd ikkje har noko kristent bodskap. Dersom ein meiner at, nei eg skal ikkje vera intolerant. Viss ein meiner at Hary Potter er ukristelig kan ein heller ikkje sjå etter ein kristen bodskap i Narniabøkene som er like "magiske."

For så høyt elsket...

6 kommentarer:

Øyvind Bye sa...

halla Andreas! gleder meg å høre at misjonsprosjektet går så det suser... skulle kanskje hatt en prat før jeg reiser til Australia, hvis du er gira, hvis ikke så er det ikke så farlig, men vi har gratis ringing til fast-tlf.

Oslo er svaret..

Anonym sa...

Eg gjettar at det var Oslo som låg midt i TjekkOSLOvakia.

Kva er okkult?

Anonym sa...

Eg opna ei bok på jobb i dag. Kom til side 134 på overtid i lunsjen. Det var ikkje så lurt, for no vil eg berre lesa meir. Meir, meir, meir...

Lindabk sa...

jeg er på side 239. Søren jeg skulle også svare OSLO..

du er en blogger å se opp til

Anonym sa...

Johanna veit kva okkult er. Side 70: tre mord

Anonym sa...

Nei til bioteknologilova.
Koslig med overnattingsbesøk.
Takk for denne uka, kompis. Snakkes på blåtur:D