søndag 3. juni 2007

Jeg har sett verden begynne

Det er ganske mange ark det er snakk om, dei fleste kunne nok ha vorte kasta i søpla utan noko vidare savn. Likevel er dei fine og ha. Kanskje ikkje for min del, men for nokon som liknar meg. Takk for den blå boka. Det siste halve året har den vorte brukt flittig. Det er ikkje få dagar eg har stansa opp for å sjå litt eller setja på plass noko nytt. Det er likevel ikkje målet. Målet er at nokon eg har kjær og nær eller nokon heilt andre skal få kunna drøyma seg inn i mitt liv slik eg så mange gongar har drøymt meg inn i andre sine liv, då eg finn eit gamalt fotografi eller kanskje ein teaterbillett. Spesielt den gongen eg fann morfar sin bror sin karakterutsrift. Han var flink på skulen han. Det visste eg ikkje før då. Alt eg visste om han var at han overlevde 5 år med krig, før han St. Hansnatta 1945 fekk ein lastebil over seg. Morfar feira aldri St. Hans.

Historien til enkeltmennesket er det mest fantastiske denne verden har å by på. Det er der alt skjuler seg, om det så er tragedie, komedie eller den gylne middelveg. For det er vel slik som Josef sa: "En død famile er en tragedie. En million døde familier er statistikk."

1 kommentar:

Anonym sa...

Samtidig sa han: Staten det er eg! Så kven kan vel stole på han?