søndag 13. mai 2007

Å testa, testar, testa, har testa


Eg vonar og trur det er RX4 eller MX5



Eg vonar, for mi eiga skuld, at nokon kan hjelpa meg å finna ut kva modell Maxdaen til venstre i biletet er. Sjølv trur eg det kanskje er ein RX4 eller ein MX5. Dette hadde vore fint om noko, dersom det er nokon i det heile som les dette innlegget, kunne ha vore til hjelp ved å svara. Det vil kanskje vera i kraftigaste laget å seia at det ville vore sjølv lykken, men langt i frå hadde det ikkje vore.

For så høgt elska Gud verda at han gav son sin den einborne, for at kvar den som trur på han ikkje skal gå inn i fortapinga, men leva i æva.
Fri tolking av paven etter hugsen.

Henrik

Henrik eit namn som opprinneleg stammar frå eit langt anna språk enn norsk. Eg har høyrd at Henrikar lett kvelvar i kajakk og at dei er flinke på skulen. Dei plar i alle fall å overgå Andreasar. Henrikar er flinke i fotball og namnet deira tyder noko sånt som keiser eller herskar. Det er mykje betre enn eit namn som Andreas, han var jo berre broren til Peter. Henrikar er smarte, og vinn alltid, neste i alle fall, når dei spelar data eller sjakk med Andreasar. Me likar likevel ikkje at dei spelar Battlefield II, dei skyt og drep og den slags. Sølv om det berre er 12 års aldersgrense. Henrikar er også glade i is, medan Andreasar må nøya seg med frukt.



Henrik er altså min veslebror. Han imponerar til stadighet, og har til å med byrja å slenge litt drit tilbake til meg. Sidan sist eg var heime har han vakse ca 1 meter. Det er kjempeflott! Stå på veslebror.

For så høyt elsket...

onsdag 9. mai 2007

Prikkingar

Av og til hender det at kjenslene tar overhånd. Det er som oftast når eit hardt arbeid er gjennomført og det er tid for å slappe av. Då slappar eg heilt av. Skrur gjerne på litt musikk, og les litt i ei bok. Berre lyden av musikken gir meg då frysningar, på ryggen altså. Dersom eg så les, eller høyrer, eller ser noko vakkert då koker det over. Då må eg berre lene meg tilbake og sei som i songen: "When the love spills over and music fills the night, when you can`t contain your joy inside." Det er det eg trur dei er, desse små augneblunkane. Det som hender er det David skreiv så poetisk : "Mitt beger flyter over." Det er bevis nok for meg; det at eg har fått oppleve mitt beger flyte over. Dette er nok det vakraste som finst på jorda. Både det å få oppleve det sjølv, og det å sjå andre oppleve det. Ein kjenner velsigninga og kjærleiken breie seg gjennom heile kroppen. Eg trur på tross av min ungdom at det er eit slikt forhold Gud vil ha til oss. Ein relasjon der han berre fyller på, og det fortsetter å renne over. Kanhende er det meininga med livet?

For så høyt elsket...

mandag 7. mai 2007

Natt


Natten har sine egne timer. Da fører vi samtaler som aldri kunne funnet sted om dagen.
Karsten Isachsen
De beste stundene er de sene nettene uten tanke på at morgendagen starter tidlig. De nest beste er bare de sene nettene.

2. Mai


I løpet av de to siste årene, og nokså sikkert en litt lenger stund enn det, har jeg mottatt bibelvers per SMS. Det har vibrert på innerlomma ganske nøyaktig i det læreren ber oss om å sitte. Dette har hendt hver eneste skoledag og har vært til oppmuntring og begeistring, men som oftest bare til hurtiglesning.
2. mai 2005 hadde jeg likevel en flott opplevelse. Jeg husker dagen enda, det var mattetentamen i 10. klasse. Selv var jeg ganske nervøs etter en liten, eller egentlig ganske stor, knekk dagen før. Far kjørte meg til skolen, han gjorde det av og til når jeg ikke nådde bussen. Sent ute var jeg også, noe som medførte at jeg mottok meldingen i bilen.
Jeg har tidligere kanskje snakket om ILO til noen, og det var nettopp det denne SMSen var. En ILO uten sidestykke. Jeg burde kanskje ha blitt skremt, for dagens vers var egentlig ikke hyggelig. Det lød som følger: ”For vi har ikke en kamp mot kjøtt og blod, men mot makter og myndigheter, mot verdens herskere i dette mørket, mot ondskapens åndehær i himmelrommet.” Verset finner du for øvrig i Paulus brev til Efeserne kapittel 6, vers 12. På mange måter burde dette ha skremt vannet av meg, men snarere tvert imot kommuniserte verset dette til meg: Hva er vel en matteprøve i den store sammenhengen? Jeg har tenkt mye på det siden, og funnet ut at den dagen begynte det å gå opp for meg at Gud ikke er av denne verden. En gradvis forståelse av at det finnes noe som er så mye større enn meg, hadde satt sin første spire. Ikke få ganger siden da har jeg måttet stoppe og forsøke å se litt lenger enn til min egen nesetipp. Det samme slo meg på nytt da jeg midt i tentamensforberedelser til 1MX, fikk dette verset for annen gang. Nå er vi kommet til mai 2007, og den 8. kommer stormende. For tredje gang har verset tikket inn, ikke like overraskende i år, men likevel til oppmuntring, trøst og kanskje aller helst glede.


For så høyt elsket...

tirsdag 1. mai 2007

All slags mulig drit

All slags mulig drit er noko eg likar. Eg plar ta vare på det og gøyme det vekk til ein gong eg kanskje får bruk for det. Eller om det er flatt nok, lime det inn i ei bok eg fekk av Kurt ein gong til jula. Slik har det alltid vore for min del, alltid masse drit. Materialistisk trur eg ikkje er rette ordet, men eg likar nye ting det gjer eg. Eller kanskje det er reaksjonane til dei rundt meg eg likar.
Når eg dreg fram noko merkeleg med ein rar fasong sprer det kanskje litt glede. Eller kanskje gjenstanden har det ein kallar affeksjonsverdi. Det er mange av tinga som berre er minner. Minner trur eg kan vera eit fint ord på desse gjenstandane. Dei kan eg dra fram og sei: "Hugsar du den gongen?". Eg kjenner alle tinga mine, hugser kvar einaste ein av dei når eg ser og tar på dei. Likevel savnar eg dei ikkje om dei vert borte, vertfall ikkje alle. Når eg då finn dei att, då er det likevel mykje glede som vert spreidd. Søkjer eg glede i minner og i ting og i tang og i ditt og i datt?

For så høyt elsket...