mandag 3. september 2012

Skipsfart


Det er natt i Estland og eg er etter langt om lenge og lengre enn langt nøydd til å samla tankane. Med fare for å såra alle eg held av og har kjære må eg sei at å koma her er som å endeleg vera på rett kurs. Det tyder ikkje at eg har vore på feil plass før eller at det eg har tidlegare har gjort ikkje har noko verd. Det tyder ganske enkelt at eg tidlegare har tatt val som har ført meg ut av kurs. Når ein kjem ut av kurs må ein først av alt verta merksam på at ein er ute av kurs. Ein treng ikkje vera mykje ute av kurs for å havna på heilt feil plass. Difor er det ikkje alltid like lett å oppdaga før det har gått ei tid. Så må ein finna ut kvar ein er. Deretter kan ein staka ut kursen på ny. Nokon vil kanskje sei at det første ein må gjera er å finna ut kvar ein skal. Dette fann eg heldigvis ut den dagen eg bestemte meg for å følgja Jesus. Alle som kjenner Han veit innerst inne, bak alt sjølvbedraget, kvar dei skal. Eg trur tre år som miljøarbeidar på Framnes var noko Gud brukte til å visa meg at eg var ute av kurs, for deretter å hjelpa meg til å finna ut kvar eg var havna, for så å staka ut kursen for meg på ny. Det vil ikkje sei at eg meiner alt eg har gjort har vore feil, men dei små vala som tar ein ut av kurs får ofte større konsekvensar enn det er mogleg å sjå føre seg. Difor må me la Han få styra alle val, ellers vil me omsider erfara, slik eg gjorde, at me er komne ut av kurs. Å følgja feil kurs fører som kjent til at ein havnar på heilt feil plass. Som kristne veit me likevel at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud. Han kan altså bruka mine dårlege val, sjølv om han helst hadde sett at eg tok andre, for å tena til det gode. Det eg har lært er at så lenge me er oppriktige og ikkje gøymer oss i vårt eige sjølvbedrag, tar Han alle våre gode og dårlige val og syr dei saman til det vakraste lappeteppet du kan tenkja deg. Teppet har så mange fargar og mønster og saumar og det er så vakkert og til slutt så passar alt så utruleg bra i hop. Det er eit perfekt kaos der Gud har fullstendig kontroll og det er noko av det mest fantastiske eg veit om med å følgja han. Har du sjekka ut kva kurs du har vore på i det siste?  


For så høyt elsket...

3 kommentarer:

Malene sa...

Bra å bevisstgjere Andreas! Er spent på kva du har i vente! Og kva eg har i vente... Be blessed :D

Ragnhild sa...

lappeteppet med gulltråd i :)

kccyss sa...

Hei Andreas kva fann du i Estland.
Nyskjerrig.