søndag 30. september 2012

Gutar vert trøytte

Hugsar du historia om korleis ørna lærer ungane å fly ved å riva reiret i frå kvarandre for så å til slutt hiva ørnungen utfor kanten av stupet for å læra han å fly?


5. Mosebok 32, 11 gir ei god skildring av korleis det heile føregår:

«Lik en ørn
som får ungene til å fly fra redet
og svever over dem,
slik bredte han ut sine vinger,
tok ham og bar ham på vingene.»

Akkurat no susar eg mot bakken i ein fykande fart, og flaksar vilt med dei vesle vengene eg har og er litt redd. Mest av alt er eg likevel trygg på at eg ikkje kjem til å treffa bakken, for eg veit at over meg svevar han som skapte sjølve flyginga, og han vil ta meg og bera meg på sine venger, men kanskje ikkje før i siste sekund. Og så vil han sleppa meg utfor kanten på ny, heilt til eg har lært å fly.

Eg elskar å læra nye ting sjølv om ein vert trøytt av det.
Eg gler meg til eg har lært meg å fly i dette landet.

Har du lært deg å fly i ditt land?

Jesaja 40, 30-31:

«Gutter blir trette og slitne,
unge menn snubler og faller.

Men de som venter på Herren,
får ny kraft,
de løfter vingene som ørnen,
de løper og blir ikke slitne,
de går og blir ikke trette.»


For så høyt elsket...

2 kommentarer:

birte, katharina og maria sa...

Veit du at eg husker den morgonsamlinga då du snakka om dette, som om det var i går.. Eg har tenkt på det du sa då så mange gongar. Hadde fleire gongar tenkt til å nevne det for deg, men kom aldri så langt. Derfor var det ekstra fint at eg bumpa borti det her. Du er god Andreas :-) Og får sagt så mykje bra. Håper at alt står bra til!
Maria Cecilie

Andreas sa...

:-)