mandag 8. oktober 2012

Kalle Klovn

Etter alt å døma kjem eg til å bu i Estland dei komande åra. Kvifor, er eg ikkje heilt sikker på. Eg har aldri kjent på noko spesielt kall hit. Likevel likar eg å sjå på meg sjølv som ein «teltmakar» blant mine medstudentar og vonar at sidan eg lever mitt liv med Jesus her, så vil det få konsekvensar for omgjevnadane mine.


Men eg har aldri kjent på noko kall.

På den andre sida har eg kjent på det ein kanskje kan kalla Guds Shalom eller fred over at eg er på rett plass. Eg har ei intens overbevisning om at Gud har sendt meg hit for ein hensikt, som er større enn meg sjølv.

Men eg har ikkje noko meir kall til å vera her og gjera det eg gjer enn det du har til å gjera det du gjer, der du er.

Å sei at nokon har eit kall, eller sei at ein ikkje har eit kall er å lura seg sjølv. Alle med Jesus i hjarta har eitt kall:

Å gjera disiplar av alle nasjonar.

Sit du heime og ventar på eit kall?
Det kjem ikkje til å koma, for om du har vore ærleg med deg sjøl veit du allereie kva kallet ditt er:

Gud har allereie kalla deg ved navn, du er Hans.

Det interessante er kvar han sender deg, og kjem til å senda deg i framtida.

Kvar har Han sendt deg?


For så høyt elsket...

Ingen kommentarer: