tirsdag 25. september 2012

Den oppsiktsvekkjande oppskrifta.


Dei siste vekene har eg vorte så heldig å få verta blant ein av dei i Verda som har fått byrja på ei høgare utdanning. Høvet til å ta utdanning kunne ein sagt mykje om, men det skal eg ikkje gjere no. Eit av introduksjonsfaga eg har fått fordjupa meg i har vore filosofi. Fordjupinga har i all hovudsak tatt utgangspunkt i opplysningstida og kjende tenkjarar som John Locke, Francis Bacon, Jean-Jacques Rousseau, Renè Descartes, Thomas Hobbes og endå har eg 5 veker igjen av kurset. Kva filosofiske tankar som bør vera med i eit slikt introduksjonskurs kunne ein også sagt mykje om. Uansett er det ideèane til desse nemnde den vestlege Verda med sine universitet seier seg å vera tufta på. Eg har fått lesa om korleis kvart einskild menneske er fødd fritt, om demokrariet og om at menneske bør få velja sine eigne leiarer og ikkje treng å vera styrt av kongar eller tyrannar. Prinsipp me reknar for å vera grunnleggjande for at samfunna våre fungerer. Då eg las, slo det meg at dette har eg lese før, men ikkje i ei filosofisk essay frå 1600-talet.

5. Mosebok 9-13 fortel oss korleis Gud råda Israelittane til å organisera samfunnet sitt då dei endeleg hadde fått fridomen sin og Moses innser at han åleine ikkje maktar å styra folket:

«9Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk.10Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.11Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.12Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar?13Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»

I vers 13 ser ein tydeleg korleis Gud instiftar demokratiet som sin styreform; Han ber folket om å velja ut sine eigne leiarar og implementera verdas første enkle versjonar av folkesuverenitets -og maktfordelingsprinsippet! Sistnemnde eit prinsipp som i følgje historiebøkene vart «funne opp» av filosofen Montesquieu på 1700-talet. Korleis kunne verda ha sett ut dersom kyrkja hadda oppdaga dette bibelske prinsippet på eit tidlegare tidspunkt? Ironisk nok er Montesquieu ifølgje den politiske forskaren Donald Lutz, den mest siterte kjelda i den Amerikanske «Declaration of Independence,» utanom Bibelen. Ein kan ha mange meiningar om USA i 2012, men ingen kan betvila at det er denne nasjonen som frå byrjinga av har lagt flest bibelske prinsipp til grunn for sitt samfunn.

Bibelen er full av slike eksempel på tankar me trur er nye, men som har vore der heilt sidan Gud innstifta dei då han gjorde folkeslaget Israel til nasjonen Israel. Les me nøye vil me sjå korleis Bibelen legg primissar til grunn for alle delar av samfunnet, slik at me skal kunna leva dei liva Gud har meint for oss.

Kanskje var det dette Jesus meinte då han sa: «Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar

Bachelorporgrammet eg går på heiter merkeleg nok International Business Administration, og i morgon skal eg ha min første deleksamen i Filosofi.

Eg er overbevist om at demokratiske prinsipp er ein del av det å disippelgjera eit folkeslag.

Er du overbevist?



Litteratur:

An introduction to The Old Testament Template, Landa Cope, 2011, YWAM Publising.
The Second Treatise of Government, John Locke, 1660.
Bibelen 2011, NN
Wikipedia


For så høyt elsket...

1 kommentar:

Barbro sa...

Hm, jeg er neimen ikke sikker.Men lykke til på eksamen !