fredag 10. februar 2012

Pengar, sex og makt.

Det korrumperande i samfunnet kan kort fortalt oppsummerast og meir eller mindre brytast ned til desse tre; pengar, sex og makt.

Ein pilgrim eg møtte ein gong lærte meg at det i bunn og grunn er dei tre nemnde som leier leiarar på ville vegar.

Førre helg var eit eldre ektepar portrettert i en avis eg les dagleg. Journalisten oppsummerte etter intervjuet liva deira på denne måten:

Sterk tru.
Hardt arbeid.
Ekte kjærleik.

Då eg las det tok eg eit val om å la det som prega livet til det eldre ekteparet også prgea mitt liv.

For så høgt elska...

Ingen kommentarer: