tirsdag 21. februar 2012

Helt

Ei jente eg kjenner ganske godt greit les stadig eit vers ho likar så godt. Eg likar det også. Det handlar om ein helt som er hos deg og har makt til å frelsa, og som gledar og frydar seg med jubel nesten som på ein fotballkamp har eg tenkt når eg har lese det. Jubelen og gleden og fryden er alltid det eg har trudd dette verset handla om, og stundom har eg i ymse samanhengar freista å gje att mi tolkning av denne jubelen. Plutselig då ho las det for meg her ein kveld oppdaga eg at verset handla om ein helt som er hos deg. Kven vil vel ikkje ha ein helt hos seg? Under finn du resulatet av tankerekkja dette sette i gong.

Ein helt eg i det siste har tenkt på er ein god ven og kamerat som i skrivande stund arbeidar som livvakt for norske offiserar i Afganistan. Landet han lever i er ikkje lett å leva i for nokon, kanskje minst av alt for dei som har den same i hjarta som min ven. Før han reiste snakka eg med han om at han på mange måtar var ein teltmakar i eit land eg aldri ville koma inn i. Tenk at det går an å ha eit slikt perspektiv på arbeidet han utfører.

Ein annan helt eg har tenkt på i det siste er mannen som for meir enn 10 år sidan tok avgjerdsla om at det i det heile skulle vera eit alternativ for min ven å leva sitt liv i det vakre, men herja fjelllandet; tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik. Nyleg avslutta eg ein biografi skrive til Bondevik sin 50-årsdag, og gjeven ut berre nokre månader før han vart statsminister første gong. Det var interessant å lesa når me veit det me i dag veit. Lite visste Bondevik då den boka vart skriven at det var nettopp han som skulle ta avgjerdsla som enda med å senda min ven i krigen for freden. Boka om Bondevik var inspirerande og oppmuntra meg til å igjen bruka tid på politikk. Blikket mitt fanga difor i går opp ein nettavisnotis, eg for nokre månander sidan kanskje ville oversett: Bondevik var i Mogadishu for å undervisa styresmaktene der om korleis å samarbeida og kompromissa i regjering slik at landet kan sei farvel til krig og elendighet og ønskja freden og samfunnsbyggjinga velkomen. For eit høve.

Sidan Bondevik tok den avgjerdsla seinhaustes 2001 har det skjedd mykje i Noreg. Blant anna har omlag halvparten av dei som då sverga til sigarettane, no stumpa nettopp desse til glede for born, samfunnsøkonomar og andre avhengige. Det heile byrja med at nettopp Bondevik lot sin helseminister få utarbeida ei av dei mest ytterleggåande røykelovane i verda. Tenk på dei 700.000 familiane som har fått ein ny kvardag og slepp å leva i frykta for at deira nærmaste skal få lungekreft og forringa livskvalitet forårsaka av sigarettrøyken. I dag brukar den tidlegare helseministeren erfaringa si til å leia verdas vaksinasjonsfond som kvart år sikrar millionar av born høve til å å i det heile få feira meir enn sin femte fødselsdag. For eit høve.

Eit anna land som har fått Bondevik sitt avtrykk er Sudan. Bistands -og utviklingsministeren hans var meklaren bak fredsavtalen som fram til no har resultert i verdas ferskaste stat. Ministeren fekk fortsetja arbeidet ho byrja, men i dag treng Sør og Sudan treng framleis forbøn for at avtalen skal holda. Ministeren har ein unik posisjon blant dei forhandlande, og vil kanskje nytta seg av si erfaring dersom det ikkje finst andre løysingar? For eit høve.

Bondevik fronta nullvisjonen mot mobbing. Statistikken fortel oss at mobbinga på skular og arbeidsplassar gjekk ned 30% då han styrte. Kvar tredje av dei utfryste fekk vera med i gjengen fordi Bondevik satte agendaen. Kvar tredje av dei som kanskje vurderte å ta sitt eige liv fekk i staden eit nytt liv. Sidan den gong har mobbinga gått opp. Det har eg som kvar dag arbeider med ungdommar fått oppleva tett på kroppen. Ei 15-årig jente fortalde meg at ho var den einaste i sin klasse som hadde mot til å i det heile å fortelja at ho sang i kor på fritida. Dei andre våga ikkje av frykt for å verta mobba. Jenta eg snakka med er i dag ein av mine mobba heltar.

Visstnok skal Stalin ha sagt at ein øydelagd famlie er ein tragedie, medan 1 million øydelagde familiar er statistikk.

Eg drøymer om å få vera ein helt for nokon.

Eg er berre litt usikker på kva eg skal gjera noko med; tragedien eller statisikken.

Kan ein gjera begge delar?

4 kommentarer:

MaleneiMexico sa...

Hei Andreas :)))
Tenkjer dei to heng ganske tett saman. Byrjer ein med tragedien, vil det påverke statistikken.

Andreas sa...

Ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpa ein. Historien om sjøstjernene på land vert stadig tatt fram. Den seier dette godt. Vonar Mexcico fer godt med deg :o)

Anonym sa...

Du er ein helt for mange, det veit eg.

Andreas sa...

Takk Kathrine :o)