tirsdag 8. november 2011

Kontrastane

Det er merkeleg er det ikkje; korleis kontrastane pregar kvardagen?
Korleis me kan gå i frå å vera botnalaust fortvila og stum av maktesløyse, til å jubla og grina av glede i neste augneblunk?

Dette hender på arbeidsplassen min kvar dag; det botnlause mørkret går hand i hand med jubel og lovsong på den livsens landeveg som tenåra er.

Denne hausten har eg for første gong møtt ungdommar som ikkje ønskjer å leva lenger.
Livet har vorte så vanskeleg, kvardagen så hard, hjarta så knust, sjela så øydelagt, sinnet så herja og tankane så løgnaktige.

Den eine dagen treff ein nokre som ganske enkelt ikkje vil meir, og den neste nokre som er så full av livslyst og engasjement og tilsynelatande glede at det renn over og smittar på alle rundt så geniale idèar spirar fram og det ekstraordinære er resultatet.

Tilsynelatande glede seier du, eg seier. Det seier eg.

Eg vonar ikkje det, men er redd for at det er tilsynelatande og at lidinga snart kjem snikande og striden skal stå og då kan ein velga å leggja seg ned eller å fortsetja å kjempa heilt til ein har i hende den sigeren ein allereie har vunne.

Ein gong las eg i ei bok kva som var definisjonen på god leiing:

"Å oppnå ekstraordinære resultat med eit heilt ordinært mannskap."
Eg slepp heldigvis å veta om dette er sanning.

Ingen kommentarer: